FORMER: Renaults nye Grand Scenic har ei fin form. Det er ein fleirbruksbil som ikkje ser ut som ein postbil. FOTO: Berit Roald/NTB scanpix
FORMER: Renaults nye Grand Scenic har ei fin form. Det er ein fleirbruksbil som ikkje ser ut som ein postbil. FOTO: Berit Roald/NTB scanpix

Praktisk design

Renault har lang erfaring med å lage fleirbruksbilar. Medan andre merke har gitt opp segmentet og migrert til SUV, kjem Renault med ein heilt ny modell.

  • Endret

NPK-NTB: Det er godt over 30 år sidan Renault meir eller mindre fann opp fleirbruksbilen med modellen Espace. Sidan den gongen har dei heile tida levert slike produkt i større og mindre versjonar, og generelt har dei franske bilprodusentane vore ivrige med bilar av denne typen. Undervegs har SUV-ane ete seg inn på denne marknaden, og i dag er sjølve fleirbrukssegmentet tynne saker.

Difor har til dømes Peugeot valt å styre den siste utgåva av 5008 frå fleirbruks til SUV. Renault derimot, held stand. Grand Scenic er det største bidraget deira her, der dei har halde seg til formelen med sitjestilling som i ein sedan og maksimal utnytting av plassen. Noko som betyr eit kort panser og ein mega-kabin.

BERØRING:
BERØRING:

Fikse verkemiddel

Renault, og dei andre franske produsentane, har stort sett vore flinke til å gje bilane karakter, slik at dei ikkje ser ut som postbilar, som har vore tilfellet med utgåver frå mange andre. Med den nye Grand Scenic har dei teke i bruk fleire litt fikse verkemiddel. Dei har gitt han svære hjul, men dei er samstundes ganske smale. Visstnok spesialproduserte for denne bilen, noko som gjer at han ser bra ut frå sida, utan at ein må leve med breie dekk som sporar og er lite komfortable. Med ei enorm frontrute kunne a-stolpen blitt eit problem når det gjeld sikt, men han er svært smal, og bilen har glasflater der mange har stolpen. Renault har i tillegg gitt bilen ein silhuett som rundar av bilen, slik at hekken ikkje blir som ei låvedør.

Testbilen er ein sjusetar der det er ei rad kombinasjonsmoglegheiter når det gjeld seta. Den midterste rekkja kan justerast i lengderetninga, og ryggen er delbar slik at ein kan ha plass til éin, to eller tre på andre rad, og dei to bakarste kan setjast opp individuelt. Testbilen er utstyrt med eit glastak, ekstrautstyr til 9.000 kroner, som gjer kupeen svært lys og luftig. Grand Scenic har ei ganske høg skulder, så bakvindane sit noko høgt med tanke på små barn. Og den bakarste rada er i trongaste laget for ein komfortabel tur med bilen full av vaksne. Innvendig er det ein heil haug med oppbevaringsrom i alle storleikar. Dei skal til saman ta 63 liter med stort og smått.

FAMILIE: Forfra har den de samme trekkene som andre nyere Renault-modeller.
FAMILIE: Forfra har den de samme trekkene som andre nyere Renault-modeller.

Limousin

Eit nesten komplett 7-er lag beståande av jenter i elleveårsalderen meinte bilen gav limousinkjensle, det skal likevel nemnast at ingen av dei nokosinne har sete i ein slik bil.

Framme er det eit ryddig førarmiljø der dei fleste funksjonane blir styrt via ein peikeskjerm i midten. Mange bilprodusentar gjer som Renault og lener seg på slike skjermar, men dei er ikkje ideelle. Det å sikte på ein skjerm med peikefingeren medan ein køyrer, gjer at ein må ta blikk og konsentrasjon vekk frå vegen, ikkje heilt bra. Her fungerer det betre med eit navigasjonshjul på midtkonsollen.

Under det korte panseret er det eigentleg ikkje stort. Ein 110 hestekrefter-dieselmotor, i ein bil som veg over 1,5 tonn, og det er før ein har stappa inn passasjerane, fortel om ein bil som ikkje er særleg sprek. Det er mogleg å bestemme motorkarakteristikken, men det blir aldri noko anna enn ganske slapt. På denne menyen står det også at motorlyden skal bli heftig. Det er ei mild overdriving, og kanskje like greitt. For dette er ein bil som aldri oppfører seg som om han skal gje frå seg noko anna enn jamn dieselklapring.

At det er ein treig bil, er eigentleg heilt ok. Dette er fornuft pakka inn i noko som ser bra ut. Folk som ser etter ein bil av denne typen, set truleg det praktiske langt framfor heftige køyreeigenskapar.

TRE RADER: Den midterste seteraden kan skyves i lengderetningen, men det er uansett litt tråklede å komme seg til den bakerste.
TRE RADER: Den midterste seteraden kan skyves i lengderetningen, men det er uansett litt tråklede å komme seg til den bakerste.

Nøytral

På vegen er Gran Scenic nøytral. Ein kjenner at han ikkje er nokon lettvektar, men lang akselavstand gjer at han er stabil og passerer ujamt underlag på ein komfortabel måte. I høgare hastigheit kjem det ein del vindsus, men elles er støyisoleringa god. Det er ein triveleg stad å vere.

I ei tid der dei aller fleste ser etter SUV-ar når det er snakk om store familiebilar, er Grand Scenic eit alternativt alternativ. Renaulten kan ikkje leverast med firehjulstrekk, men det same gjeld fleire av dei rimelege og store SUV-ane. Fleirbruksbil og Renault har vore ein god miks i mange år, og med Grand Scenic har dei modernisert og oppgradert biltypen ytterlegare. Designen er fin, utan å bli for snodig, og det er vanskeleg å tenkje seg til ein meir praktisk bil når det gjeld forflytting av familie. Så står att det å sjå om det faktisk er noko kundegruppe igjen. Skulle det vise seg å vere skrint, så har Renault ein stor SUV i bakhand. Koleos blir lansert her til lands mot slutten av året.

PLASS: Det er ikkje mykje bagasjeplass igjen om du bruker alle setene. Legg du derimot ned dei to bakre seteradene er det plass til 1737 liter.
PLASS: Det er ikkje mykje bagasjeplass igjen om du bruker alle setene. Legg du derimot ned dei to bakre seteradene er det plass til 1737 liter.
Til toppen