Preikestolen kan kome attende

Preikestolen kan kome attende

Den mykje omtala preikestolen kan kome attende til Tønjum kyrkje, dersom det er dette det store fleirtalet ynskjer. Det fortalde leiar av Lærdal sokneråd, Audun Mo, onsdag kveld.

Lærdal sokneråd inviterte onsdag kveld til eit ope soknemøte i Tønjum kyrkje, der den framtidige bruken av kyrkja og fjerninga av preikestolen vart diskutert.

Preikestolen vart fjerna frå Tønjum kyrkje i midten av mars, og har enda ikkje kome til rette. Foreløpig ligg preikestolen innpakka i plast på eit lager på Lærdalsøyri.

Mange har reagert på at preikestolen vart fjerna utan at bygdefolket vart informert, og ei aksjonsgruppe har sanka underskrifter for å få attende preikestolen.

Innrømmer dårleg handtering
I overkant av 50 menneske tok turen til Tønjum kyrkje onsdag kveld, der Mo saman med andre representantar frå Lærdal sokneråd opna møtet.  Mo påpeikte innleiingsvis at det ikkje har vorte gjort formelle feil i prosessen kring fjerninga av preikestolen, men at det er fleire ting som burde vorte gjort annleis.

– Me ser i ettertid at me kunne handtert saka annleis, og at me burde hatt eit soknemøte i forkant for å informere bygdefolket. Det var ikkje nok å informere gjennom ei søndagspreik, og dette er noko me har sett i ettertid.

Informasjonen om fjerninga av preikestolen skulle også ha vorte gjort offentleg gjennom det lokale bladet Helg og Kvardag, men bladet med denne informasjonen kom ikkje ut før vedtaket var fatta.

Ynskjer ei levande kyrkje
Bakgrunnen for fjerninga av preikestolen er at Lærdal sokneråd ser ei kyrkje i endring, samt at bruken av kyrkja også har endra seg. Soknerådet ynskjer at Tønjum kyrkje skal verte ei levande folkekyrkje, der det skal vere plass til at andre enn presten skal kunne stå på podiet.

Sokneprest Helene Langeland beklagar på vegne av Lærdal sokneråd måten prosessen kring fjerninga av preikestolen har vorte gjort på, og fortel at dei ynskjer å ta alle på alvor. Likevel står dei fast ved slutninga om å fjerne preikestolen, som har vorte opplevd som eit hinder i staden for ei hjelpemiddel i formidlinga av ordet.

– Det er ingen tvil om at me treng plassen. Me treng all den plassen me kan få når me prøver å gjere kyrkja folkeleg og skape aktivitet og liv. Det er viktig for oss at det skal vere plass til alle i ei kyrkje, og det er like viktig for oss at heile koret har plass på podiet som at alle i salen har sitteplassar. Det handlar om inkludering, seier Langeland.

Artikkelen held fram under biletet

ENGASJEMENT: Mange har engasjert seg i saka kring preikestolen, og i om lag 50 menneske møtte opp for å høyre dei ulike argumenta.
ENGASJEMENT: Mange har engasjert seg i saka kring preikestolen, og i om lag 50 menneske møtte opp for å høyre dei ulike argumenta.

Vart fjerna med god meining
Ei synfaring i 2005 resulterte i ei liste med punkt over kva som måtte gjerast i kyrkjene i kommunen. Det eine punket var at preikestolen i Tønjum kyrkje var for stor og at den difor burde verte teken ut.

I 2013 vart det gjort eit samrøystes vedtak av kyrkjestyret om å fjerne preikestolen, for å gi rom og byggje opp under ei levande kyrkje. Saka vart teken opp med biskopen i Bjørgvin bispedømme og Riksantikvaren, og i 2014 gav dei si godkjenning. Audun Mo, leiar i kyrkjestyret i Lærdal, tykkjer det er synd at folk har opplevd avgjerda om å fjerna preikestolen slik.

– Alt er gjort med god meining. Kyrkjestyret oppfatta ikkje dette som ei stor sak der det var naudsynt å innkalle til sokneråd for å høyre om folk si meining. Me er audmjuke og lei oss, her har ikkje informasjonen til bygdafolket vore god nok, seier Mo. 

Har vore trongt om plassen
Soknerådet la under heile møtet vekt på at preikestolen tok stor plass, og det gamle møbelet har vorte eit hinder for dei som arbeidar i kyrkja. Kyrkjeverje Ellen Veum fortalde på møtet om eit trongt podium som kunne vere vanskeleg å arbeide på.

– Å arrangere store arrangement i Tønjum kyrkje har vore utfordrande, då podiet ofte vert svært fullt. Til ulike seremoniar skal ein til dømes ha musikarar, kor, kransar, annan høveleg pynt eller lystenning, og desse situasjonane har vorte ei utfordring på grunn av plassmangel.

Soknerådet slår fast at dei ynskjer ei kyrkje som er best mogleg og som har plass til flest mogleg, og vedgår at dei i denne vanskelege situasjonen vert nøtt til å setje ynskje om ei folkekyrkje opp mot ynskje om å behalde kyrkja sånn den er.

Opnar for nye løysingar
Målet med det opne møtet onsdag kveld var å diskutere Tønjum kyrkje si framtid og fjerninga av preikestolen. Diskusjonar vart det, og gode argument kom fram frå alle sider av saka. Soknerådet sa tideleg i frå om at dei gjerne tok imot nye løysingar frå salen, og soknerådsleiar Mo kunne avslutte møtet med fire nye forslag i handa.

Dersom det store fleirtalet ynskjer det, kjem me til å fatte eit nytt vedtak og setje preikestolen attende i kyrkja.

- Audun Mo

– Dersom det store fleirtalet ynskjer det, kjem me til å fatte eit nytt vedtak og setje preikestolen attende i kyrkja. Likevel kjem me til å sjå på nye løysingar, for å sjå om det er mogleg å finne ei løysing som alle kan vere nøgde med. Det er viktig for oss at alle skal vere nøgde, me ynskjer ikkje å skape splid innetter i soknet, avsluttar Mo.

Frå kom det fleire forslag til løysingar, løysingar som soknerådet tek med seg vidare. Det vart mellom anna føreslege å setje preikestolen inn att i kyrkja, men på ein annan stad, å setje preikestolen inn att i kyrkja på same stad, og sjå på moglege endringar andre stadar i kyrkja for å frigjere meir plass.

Lærdal sokneråd har det neste møtet sitt torsdag 16. april, der preikestolen vil verte ei eiga sak. Dersom du har eit forslag til løysing ber soknerådsleiar Audun Mo deg om å kome med innspelet før denne datoen.

Til toppen