Preikestolen kjem ikkje inn att

Preikestolen kjem ikkje inn att

Sokneråde i Lærdal har bestemt seg for ikkje å setja den omdiskuterte preikestolen på plass att i Tønjum kyrkje. 

Dette vart bestemt på eit soknerådsmøte torsdag. Den mykje omdiskuterte preikestolen har fått mykje merksemd den siste tida etter at han vart fjerna frå kyrkja utan at kyrkjelyden blei informert. 

Kyrkjelyden reagerte så med sjokk og irritasjon då dei ein søndag kom til kyrkja og preikestolen var vekke. Den står no innpakka i plast på eit lager i Lærdal, og blir ståande der iallfall i to år til som ei prøveordning.

– Me hadde eit soknemøte førre veka der me baud inn til ein del forslag, og der kom det inn tre forslag, og det er der eine av desse me no har gått inn for, som er ei prøveordning i to år, seier leiar i kyrkjestyret, Audun Mo, til Porten.no.

OPPRETTHELD VEDTAKET: Kyrkjestyret held fast på vedtaket om å fjerne preikestolen, fortel leiar Audun Mo.
OPPRETTHELD VEDTAKET: Kyrkjestyret held fast på vedtaket om å fjerne preikestolen, fortel leiar Audun Mo.

– Er de sikre på at det gjort det rette valet no?

– Det er alltid vanskeleg å vera sikker på noko, men ifølgje mange av dei som sit i styret, hadde dei fått mykje respons frå den andre sida på at dette var det riktige valet. Folk i styret meinte det var ein større del der enn dei som vil ha preikestolen attende, men dette har me ikkje dokumentert, og det blir berre synsing, seier han.

Frekt og arrogant

Hans Oskar Tønjum, som har vore ein del av aksjonsgruppa som har jobba for å få tilbake preikestolen, er kritisk til mangelen på dokumentasjon og kallar vedtaket arrogant og frekt.

– Det er ein maktdemonstrasjon. Eg tykkjer det er heilt respektlaust overfor grendafolket. Dei påstår dei har folket på si side utan å kunne dokumentera noko som helst. Me har ei underskriftsliste som me kan dokumentera med. Det er så respektlaust og frekt at ein skulle ikkje tru at dette var eit sokneråd, fortel han på telefon til Porten.no.

– Bør lytte til dei som nyttar kyrkja

FREKT: Hans O. Tønjum kallar vedtaket frekt og arrogant.
FREKT: Hans O. Tønjum kallar vedtaket frekt og arrogant.

I slutten av mars starta aksjonsgruppa ein underskriftskampanje, der dei gjekk frå dør til dør og samla inn underskrifter. 370 personar skreiv under på at dei ville ha den 184 år gamle preikestolen tilbake.

Tønjum meiner det er meiningane til dei som nyttar seg av kyrkja og som soknar til Tønjum kyrkje ein burde legge vekt på i denne saka.

– Me har tre kyrkje i Lærdal, og i gamledagar hadde me tre sokn også. Difor gjekk me med lista i det gamle Tønjum-sokn, men me har fått mange sympatiunderskrifter frå andre lærdøler og utflytte også. 

Lei sak

Vedtaket er no gjeldande for dei neste to åra. Innan våren 2017 skal det haldast soknemøte der folk vil få høve til å uttale seg igjen. 

– Det er ei lei sak og ikkje kjekt for nokon. Det er belastande for oss alle, men det er ein gong slik at nokon må ta nokre val, og så vil det alltid vera nokon som er ueinige, seier Mo.

PAKKA VEKK: Den 184 år gamle preikestolen ligg for tida innpakka i presenning på eit lager i Lærdal.
PAKKA VEKK: Den 184 år gamle preikestolen ligg for tida innpakka i presenning på eit lager i Lærdal.
Til toppen