KREV KVU: Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp) og Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) vil leggja press på dei nye fylkestingpolitikarane og jobba får ei konseptvalutgreiing på Sognefjellstunnelane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KREV KVU: Luster-ordførar Ivar Kvalen (Sp) og Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) vil leggja press på dei nye fylkestingpolitikarane og jobba får ei konseptvalutgreiing på Sognefjellstunnelane. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Pressar på for å få realisert Sognefjellstunnelane

Arild Ingar Lægreid (Ap) og Ivar Kvalen (Sp) vil gjera alt for å få realisert tunnelprosjektet.

Årdal/Luster: I desse valtider er beskjeden frå dei to til det snart nye fylkestinget klar: Følg opp det som vart sagt av det sitjande fylkestinget.

Sidan 2012 har dei saman med ordføraren i Lom jobba for å få realisert vegprosjektet, og på desse åra har dei fått prosjektet verdt 13,2 milliardar inn i Nasjonal Transportplan. 

– No går me inn mot fylkestingval, og det er viktig at dei står på det dei har sagt i den prosessen som er framover, at den ikkje glipp. Difor vil me presisera dette til det nye fylkestinget, seier Kvalen til Porten.no.

Vil ha ein KVU

No er neste mål er å få sett i gong ein konseptvalutgreiing (KVU), slik fylkestinget også støttar dei i. Årsaka til det er at ei slik utgreiing vil seia langt meir om kva effektar dette vegprosjektet vil ha på næringsliv mellom anna.

Artikkelen held fram under biletet.

VIL HA KVU: Det neste målet i prosessen mot å få realisert Sognefjellstunnelane er å få utarbeida ein KVU.
VIL HA KVU: Det neste målet i prosessen mot å få realisert Sognefjellstunnelane er å få utarbeida ein KVU.

Ein KVU vil også i mykje meir presise tal kunna seia noko om kor mykje trafikk som vil passere om det blir ein realitet. Det er her talgrunnlaget i dag er for dårleg.

– Ein kan få svar på om det blir KVU allereie i haust dersom samferdselsministeren (Ketil Solvik-Olsen journ. anm.) tar stilling til dette samstundes som han behandlar kva fjellovergang som skal prioriterast mellom aust og vest, seier Jan Øhlckers, som er prosjektleiar. 

Godtek ikkje nei

– Kva om det blir nei?

– Me godtek ikkje eit nei. Vegprosjekt er langsiktig arbeid, og me vil jobba vidare med dette framover. Me vil gjera det me kan for å påverka til eit positivt vedtak rundt KVU, skyt Lægreid inn.

Artikkelen held fram under biletet.

GODTEK IKKJE NEI: Prosjektleiar Jan Øhlckers seier dei kan få svar på om dei får ein KVU allereie i haust, og blir det eit nei, er det ikkje noko dei godtek, seier Lægreid (t.v.).
GODTEK IKKJE NEI: Prosjektleiar Jan Øhlckers seier dei kan få svar på om dei får ein KVU allereie i haust, og blir det eit nei, er det ikkje noko dei godtek, seier Lægreid (t.v.).

At vegprosjekt tek tid har han heilt rett i. Øhlckers fortel at i snitt tek slikt ti år i Noreg frå planleggingsstart til prosjektet står klart. I dette tilfellet er ein ikkje i gong med planlegginga.

Beste alternativet

Resultatet vil bli den kortaste og mest økonomiske vegen mellom Bergen og Trondheim. Med tunnelar kortar ein ned dagens rute over Sognefjellet med 10,8 mil til 64 mil. Det er tre mil kortare enn E39.

Også tidsbruken blir betydeleg kortare. Med tunnelane på plass bli køyretida mellom Bergen og Trondheim på 9,5 timar. Den nest kortaste, som er Sognefjellet via Vikafjellet vil ta 11 timar. E39 vil ta 14 timar, med ferje.

Artikkelen held fram under biletet.

TO TUNNELAR: Slik kjem traseen til å gå med to tunnelar. Den lengste på 21 kilometer kjem ut i krysset ved Rallaren i Øvre Årdal. Teikning: Norconsult.
TO TUNNELAR: Slik kjem traseen til å gå med to tunnelar. Den lengste på 21 kilometer kjem ut i krysset ved Rallaren i Øvre Årdal. Teikning: Norconsult.

Til slutt blir dette også denne økonomiske billigaste ruta med 9.600 kroner i tidsavhengige kostnader og distanseavhengige kostnader. Ferjeutgifter blir det ikkje. Dette med utgangspunkt i ein 19 meter lang semitrailer. Til forskjell kostar E39 med sine fem ferjer i tillegg 13.900 kroner.

– Det er berre å få statsråden til å seia ja. Det er jobben. Det er ting som skjer i det politiske arbeidet, så dersom folk ikkje ser oss, skal dei veta at blir jobba, legg Kvalen til.

Viktig for transportnæringa

Lægreid viser til tala og forklarar at dette vil vera svært viktig for transportnæringa, men det vil også ha mykje å seia for lokalsamfunna.

Artikkelen held fram under biletet.

FAKTA OG KRAV: Plagaten som er hengt opp ved tunnelinngangen til høgdebassenget ved E-verket inneheld fakta og krav.
FAKTA OG KRAV: Plagaten som er hengt opp ved tunnelinngangen til høgdebassenget ved E-verket inneheld fakta og krav.

– Det vil vera viktig for det lokale mellom Årdal og Luster, men sjølve prosjektet handlar om eit nord-sør-samband som vil vera viktig for næringane og for lokalsamfunna rundt eit slikt prosjekt. 

– Eg trur ein KVU vil få fram andre viktige moment for dette vegsambandet, legg Lægreid til.

Til toppen