PRESTASJONSPRIS: Frå venstre: Hilde Merete Aasheim (leiar for forretningsområdet Primærmetall i Hydro), Bjørn Erik Aga, Steinar Årebru, Rune Breidvik, Trond Eirik Jentoftsen, Egil Fredriksen, Jan Åge Øy og Einar Glomnes (leiar for Hydro sitt deleigde aluminiumsverk). Foto: Øyvind Breivik/Hydro.

Prestasjonspris til Hydro Årdal

Elektrolysen ved aluminiumsverket i Årdal blei onsdag tildelt Prestasjonsprisen 2015.

Årdal: Prisen vart delt ut under den interne årskonferansen for primærmetalldivisjonen i Hydro. 

– Å bli tildelt prestasjonsprisen er ei viktig oppnåing for oss ved Hydro Årdal. I ein hektisk periode med oppstart av cellene som blei stoppa under straumbrotet i januar, er det godt å få ei slik utmerking, seier elektrolysesjef Trond Eirik Jentoftsen i ei pressemelding.

Ein slik pris vert delt ut til ei eining som har vist framifrå komersielle, operasjonelle og økonomiske resultat. Vinnaren sine prestasjonar må òg ha ført til varige resultat. 

Redusere kostnader

– Me har jobba i fleire år med å redusera kostnader og å effektivisere prosessane våre. Prisen er ei utmerking som viser at arbeider berer frukter, held elektrolysesjefen fram.

Bjørn Erik Aga, Steinar Årebru, Rune Breidvik, Trond Eirik Jentoftsen, Jan Åge Øy og Egil Fredriksen var tilstades av dei tilsette for å ta imot prisen.

Godt samarbeid

Sistnemnde, fabrikksjef Fredriksen, seier verket har vore gjennom ei omstilling dei siste åra, der grunnoppskrifta har vore å betra tryggleiks- og kvalitetsarbeidet.

– Godt samarbeid mellom tilsette, tillitsvalde og leiing har gitt fine resultat som lovar bra for framtida til Hydro Årdal, seier han og syner mellom anna til solid produksjonsrekord i elektrolysen i fjor og at verket kom på pallen som årets Lean-bedrift i 2015.

Til toppen