Sogn og Fjordane: – Me arrangørane tykkjer det gjekk over all forventning og hadde aldri trudd det skulle bli så enormt mange menneske.
Ho skryt over dugnadsånden og alle som ar hjelpt til for at Pride i Førde skulle bli ein realitet.
– Sogningar og fjordingar har vore på dugnad og hjelpt til med å løfta, måla, køyra og mykje meir. Samt at me har fått økonomisk stønad frå organisasjonar, kommunar, lag, politiske parti og enkeltpersonar.
Ei utsett gruppe

No er den engasjerte leiaren gira på å vera med til neste år òg, for ho kan lova at det blir fleire år med Pride framover no.
– Eg brenn for dette fordi eg veit kor utsatt LHBT+ er som ei gruppe i samfunnet, og at det er vanskelegare å stå fram med ein annan identitet, kjønnsuttrykk eller legning på bygda enn i byane. Eg ynskjer at alle skal ha like gode moglegheiter til å lukkast i Sogn og Fjordane.
Høgdepunktet var då Pride-paraden snudde ved Amfi Førde.
– Då fekk me som gjekk fremst, gå forbi heile toget og sjå på alle dei flotte menneska.
- Les òg: Pride for menneskeverd
Ynskjer fleire markeringar
No seier ho at SoFjo Pride håpar å fungera som ein paraply for fleire LHBT-arrangement i fylket, samt driva aktivitet over sosiale medium heile året.
– Det er mykje for å dra nytte av aktivismen og engasjementet og arbeidet for endring.
I tillegg ynskjer dei å få til fleire markeringar kringom i Sogn og Fjordane til neste år.
– Me ser behovet for ei felles parade og vil ha den så stor som mogleg, for då er det lettare for folk å koma. Så ynskjer vi fleire desentraliserte markeringar neste år, avsluttar Tenud.