PRIKKSYSTEM: Frå 1. januar blir det strengare krav til kommunane for å straffe utestadar som bryt alkohollova, seier Bent Høie. Foto: Flickr/Nordforsk.
PRIKKSYSTEM: Frå 1. januar blir det strengare krav til kommunane for å straffe utestadar som bryt alkohollova, seier Bent Høie. Foto: Flickr/Nordforsk.

Prikkar skal forhindre alkohollov-brot neste år

Frå 1. januar blir det strengare krav til kommunane for å straffe utestadar som bryt alkohollova.

Årdal/Lærdal: Blant tiltaka som trer i kraft etter nyttår er eit nytt prikktildelingssystem, fleire kontrollørar og krav til kunnskapane deira om alkohollovgjevinga. I det nye prikkesystemet vil tolv tildelte prikkar på to år føre til ein standardreaksjon på inndraging av løyvet i éi veke, ifølgje Helsedirektoratet.

– Det er ikkje eit mål for oss at flest mogleg stadar skal få flest mogleg prikkar når den nye ordninga trer i kraft. Vi ønskjer å bidra til at bransjen lykkast i sitt arbeid med ansvarleg sal og skjenking og dermed unngår å få prikkar, seier avdelingsdirektør Hilde Skyvulstad i Helsedirektoratet.

Helseminister Bent Høie (H) var positiv til den nye ordninga då forslaga vart kjende i februar.

– Vi veit at kommunane reagerer ulikt overfor serveringsstadar. No får vi eit prikksystem med klare nasjonale reglar slik at brot på lova blir behandla likt over heile landet, sa helseministeren for ti månader sidan. (©NPK)

Til toppen