SØKJARAR: Primærsøkjartala til vidaregåande skulane er klare. Arkivfoto
SØKJARAR: Primærsøkjartala til vidaregåande skulane er klare. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

Primærsøkjartala til den vidaregåande skulen 

Sogn og Fjordane har 4132 elevplassar i den vidaregåande skulen. Primærsøkjartala som fredag vart offentleggjort, syner fyrstevala til søkjarar med ungdomsrett. 

Årdal/Lærdal: Tala som fredag vart offentleggjort syner at det var 4029 søkjarar totalt til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Dette gjeld søkjarar med ungdomsrett.

Ifølge pressemeldinga frå fylkeskommunen er det 28 fleire søkjarar til vidaregåande trinn 1 (vg1), 71 færre til vidaregåande trinn 2 (vg2) og 27 fleire til vidaregåande trinn 3 (vg3), enn førre skuleår. Til vidaregåande trinn 3 (vg3) syner det stor auke i søkinga til studiespesialisering.

Det  er 487  søkjarar med  ungdomsrett til opplæring i bedrift. Det  er 27 færre søkjarar enn i 2015. Sogn  og Fjordane har intensjonsavtalar om 892  læreplassar i bedrift. Det er i alt søkjarar til 60 ulike lærefag.

Ungdomsrett

Til vidaregåande opplæring nivå 1 (vg1) har søkjarar med ungdomsrett rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram dei har søkt på. Vidare har søkjarane rett til to år vidare opplæring innanfor same utdanningsprogram. Ungdomsretten gjeld vidaregåande tilbod i heile  fylket, men den er ikkje knytt til ein særskilt skule.

276  søkjarar utan ungdomsrett har også søkt dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Desse kan få plass når dei vidaregåande skulane overtek inntaket i august, dersom det vert ledige plassar.

Vidaregåande opplæring i Indre Sogn

Årdal Vidaregåande Skule har 189 søkjarar til 224 elevplassar. Dette viser at alle som ynskjer å gå på skulen i Årdal får plass, men kanskje ikkje på fyrstevalet sitt. Søkjarlista viser at det er fleire søkjarar enn elevplassar på nokre linjer.

Slik er det også på Sogndal Vidaregåande Skule, der søkjartala viser 769 søkjarar til 780 elevplassar. Helse og oppvekstfaget nivå 1 er blant dei linjene der det ikkje er plass til alle, som har dette på sitt fyrsteval. Her er det 54 søkjarar til 32 elevplassar.

Elektrofag nivå 1 skil seg ut som eit populært fag. Her syner tala fleire søkjarar enn elevplassar på begge skulane.

Tala viser primærsøkjarane til skulane. Desse blir endra etter fyrste opptaket. Då vil dei elevane som ikkje får sitt fyrsteval, få tilbod om sitt andreval. Såleis vil elevtalet på skulane endra seg.  

Søkjarar med ungdomsrett til bedrift 2016 

Søkjarar med ungdomsrett til fylkeskommunale vidaregåande skular 2016

Til toppen