FOR LUKKA?: – Vi får sjå kor tilgjengeleg elva er i dag, og om det er godt nok. Elles bør vi opne for eit meir tilgjengeleg fiske, seier seniorrådgjevar Jon Gladsø hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til NRK. Foto: Jan Christian Jerving.
FOR LUKKA?: – Vi får sjå kor tilgjengeleg elva er i dag, og om det er godt nok. Elles bør vi opne for eit meir tilgjengeleg fiske, seier seniorrådgjevar Jon Gladsø hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til NRK. Foto: Jan Christian Jerving. (Foto: Arkiv)

Prisane for fisket i elvi kan "tvangsregulerast"

Endring lova om laks og innlandsfiske frå 2013 gjev heimel for å krevje at fisket skal opnast for ålmenta dersom fellesskapet har brukt store summar.

  • Endret

Lærdal: 100 millionar kroner har samfunnet brukt for å bli kvitt laksedreparen Gyrodactylus salaris i Lærdalselvi. Dersom elvi blir friskmeld neste år kan Miljødirektoratet krevja at deler av fisket i større grad skal opnast for ålmenta. Dette er mogleg utifrå lovendringa i 2013.

– Stortinget seier at der det offentlege har brukt monalege midlar blir det forventa noko attende i form av at folk flest skal få fiske til ein lågare pris i ein gitt periode. Dette kan seksjonerast opp og fordelast mellom valda, eller det kan etablerast soner der fiskekort får ein makspris, seier seniorrådgjevar Helge Dyrendal i Miljødirektoratet til NRK Sogn og Fjordane, som omtalar denne saka i dag.

Pris, langtidsleige og tilleggstenester er ting som blir vurderte

Retningslinene for dette meir ålmente fisket er at minst 50 prosent elvi skal vere tilgjengeleg for folk. Vidare betyr det at også barn, eldre og funksjonshemma, både nordmenn og utlendingar, skal få lettare tilgang.

– Pris, bortleige for heile sesongen til ein avgrensa krins, tilleggstenester, guiding og overnatting er måtar å ekskludere på. Miljødirektoratet ser helst at ein har eit breitt spekter i kvart vassdrag som tek omsyn til ålmentas ulike behov, seier Dyrendal.

Les også: Ligg an til å slå rekord frå i fjor

Skal vurdera tilgjengelegheita

Seniorrådgjevar Jon Gladsø hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier dei vil vurdere eit meir ålment fiske i Lærdalselvi.

– Vi får sjå kor tilgjengeleg elva er i dag, og om det er godt nok. Elles bør vi opne for eit meir tilgjengeleg fiske, seier Gladsø.

Leiar i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun, er kjend med lovendringa og seier dei ventar og ser kva Miljødirektoratet eller Fylkesmannen eventuelt kjem med. 

– Men elveeigarlaget og lokale krefter har også lagt ned monalege beløp i oppattbygginga av laksestamma. Det må også inn i reknestykket, seier Sælthun.

Til toppen