FEKK PRIS: Tya støyperi og karbon ved Årdal metallverk stakk av med gjeve prisar under Primary Metal Awards i Oslo denne veka. Foto: Hydro.
FEKK PRIS: Tya støyperi og karbon ved Årdal metallverk stakk av med gjeve prisar under Primary Metal Awards i Oslo denne veka. Foto: Hydro.

Prisdryss til støyperiet og karbon

Tya støyperi og karbon i Årdal vann begge gjeve prisar denne veka. 

Årdal: Prisane vart delt ut på Primary Metal Awards onsdag i Oslo. Der stakk årdølene av med to av prisane – kvalitetsprisen og prestasjonsprisen. 

Dette var del av den årlege Primærmetall-summiten som samlar 250 leiarar frå Primærmetall. Dei kjem frå Hydros globale organisasjon, og deriblant Årdal.

Kvalitetsprisen vart gitt til Tya støyperi ved Årdal metallverk fordi dei har demonstrert betydelege og varige betringar i kunderelasjonar og auka kundeverdi, samt implementering av ny teknologi.

– Vinnaren har gått inn på nye marknadssegment, stått overfor nye og krevjande kundar og gjennom dette auka presisjonsnivået i heile organisasjonen. Dei har løyst utfordringane gjennom utvikling av leverandørar og eigen prosessar i samarbeid med kundane sine, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Vidare vert det vist til at resultata har stabilisert seg på eit svært høgt nivå i 2016 og at dei har bana veg for Hydros produktstrategi på denne område.

Prestasjonsprisen på si side gjekk til karbon i Årdal. Dei fekk prisen fordi dei har oppnådd gode kommersielle, driftsmessige og økonomiske resultat.

– Vinnaren har auka volumet, betra kvaliteten, redusert kostnadene, betra miljøresultata sine og hatt betydeleg effekt på EBIT, heiter det i grunngjevinga.

Til toppen