På grunn av ein kald haust auka kraftprisen i oktober med 40 prosent. Då låg prisen på 35 øre per kilowatt time, mot knappe 24 øre i september. Kulden dei siste dagane har ført til at prisen har stige ytterlegare og ligg på i overkant av 40 øre, skriv VG.
– Det tørre haustvêret gjorde at vi ikkje fekk påfyll i magasina, og det dreiv prisane opp. Dei siste dagane har kulden gjort at vi har brukt meir straum, og det har gitt prisane endå eit lite spark oppover, seier kraftanalytikar John Brottemsmo i kraftmeklarselskapet Bergen Energi.
Brottemsmo ser ikkje vekk ifrå at vi kan nå rekordprisane frå januar og desember i 2011. Då låg prisen per kilowatt time på 60 øre.
– Det er avhengig av kuldeperioden. Viss det held seg kaldt i fire veker, er vi der, seier han.
Situasjonen i Europa har også innverknad på prisnivået her til lands. I Frankrike er mange kjernekraftverk for tida stengde på grunn av vedlikehald, i tillegg til at det er kaldt. Det har ført til at prisen har nådd 90 øre per kilowatt time. Eit så høgt nivå vil vi derimot ikkje sjå i Noreg, meiner Brottemsmo.
– I Noreg har Oslo-området dei høgaste straumprisane, medan prisane er lågast i Nord-Noreg, seier han. (©NPK)