NYE MILLIONAR: Fjordstien stoppar i dag ved Hofslund hotell, men skal etter planen byggjast heilt bort til Rones der den skal koplast på den nye Loftesnesbrua. I dag fekk politikarane vite kva det vil koste.
NYE MILLIONAR: Fjordstien stoppar i dag ved Hofslund hotell, men skal etter planen byggjast heilt bort til Rones der den skal koplast på den nye Loftesnesbrua. I dag fekk politikarane vite kva det vil koste.

Prislapp: 18,5 millionar kroner​

I dag fekk formannskapet i Sogndal vite kva det kostar å fullføre fjordstien.

Sogndal: To firma kjempa om å få bygge den siste biten av fjordstien. I dag vart det kjent at Aurstad, ein av entreprenørane som byggjer den nye Loftesnesbrua, leverte det billegaste tilbodet på 18,5 millionar kroner. Det er 6,5 millionar meir enn det grove overslaget som låg inne i budsjettet frå før.

– Eg vart ikkje veldig skremt av den summen. Det er vi i Ap innstilte på å gå inn for, for det er viktig å få fullført stien, sa Kjetil Kvåle då saka om ekstraløyvinga var oppe i formannskapet i dag.

Les også: Fjordstientreprenør krev kommunen for millionsum
Les også: No står siste del av fjordstien for tur

Ba om fleire tal

Opposisjonen med Høgre og Venstre i spissen var derimot meir tilbakehaldne og ba rådmannen legge fram alle kostnader i samband med fjordstien.

– Me veit ikkje kor stor sluttsummen blir. Sjølv om det er politisk vilje til å fullføra stien, så må me som ansvarlege politikarar snart stikka fingeren i fjorden og be om å få alle tal på bordet. Viss ikkje er det uhaldbart å gå vidare, sa Christen Knagenhjelm, som mellom anna er uroa over tvisten med den første fjordstientreprenøren Contexo og kva den vil koste.

Det siste fekk han ikkje svar på, men rådmann Jostein Aanestad fekk etter kvart fram ei oversikt som viser at den totale kostnaden for ein fiks ferdig fjordsti vil lande på 58,8 millionar, ikkje medrekna bru over Sogndalselvi og med atterhald om at den gjenståande delen blir bygd innanfor budsjettet.

Rett nok får kommunen mange millionar kroner tilbake gjennom ulike statlege og fylkeskommunale støtteordningar, mellom anna får dei dekka halvparten av erstatningssummen til grunneigarane, vel 6,5 millionar. Fylkeskommunen har òg spytta inn nokre millionar i midlar til tettstadutvikling.

Fleirtalet støttar vidareføring

Den første delen av fjordstien kosta kommunen 3,6 millionar meir enn budsjettert, mest fordi erstatninga til grunneigarane vart høgare enn forventa. I tillegg krev altså entreprenøren kommunen for ein ukjent millionsum i ein tvist som enno ikkje har blitt løyst med forhandlingar og som kan ende i retten.

Rådmannen minna òg polikarane om at tida spelar ei viktig rolle. Ei av årsakene til at Aurstad er fleire millionar billegare enn konkurrenten er at dei allereie er rigga til med utstyr og mannskap i samband med brubygginga.

– Viss vi ikkje gjer det no, så må vi forvente ein høgare pris om nokre år, sa han.

Til slutt vart det fleirtal for å løyve dei 6,5 ekstra millionane det kostar, der halvparten blir henta frå overskotet i 2016-budsjettet. Saka går no til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Til toppen