Prisutdeling og feiring av Noregs vakraste veg

Prominente gjestar var samla til feiring då prosjektet Kongevegen over Filefjell fekk utdelt Vegdirektøren sin pris for Vakre vegar 2014. Ifølgje Jan Adriansen, prosjektleiar for Kongevegen, er det me har sett til no berre starten. 

Borgund: Det er ei tid sidan prosjektet Kongevegen over Filefjell fekk veta at dei var tildelt Vegdirektøren sin pris for Vakre vegar 2014, ein prestisjetung heiderspris for vedlikehald av vakre veganlegg som er tilpassa omgjevnadene.

Men det var ikkje før fredag fungerande vegdirektør i Statens vegvesen, Lars Aksnes, var på plass for å overrekke prisen og for å delta i avdukinga av ein plakett på kvar av sidene av den 10 mil lange turvegen som stekk seg frå Lærdal over Filefjell til Vang.  

Artikkelen held fram under biletet

PRISUTDELING: Fungerande vegdirektør i Statens Vegvesen, Lars Aksnes, under markeringa på Rimskjold. 
PRISUTDELING: Fungerande vegdirektør i Statens Vegvesen, Lars Aksnes, under markeringa på Rimskjold. 

Eit stort stykke samferdlehistorie

– Me bygger ikkje veg for oss sjølv, men for andre. Kongevegen over Filefjell har vore viktig historisk for å kome seg mellom aust og vest. No får den ein ny funksjon som turveg full av kulturminne og attraksjonar. Og sjølv om det no er ueinigheit om kvar hovudvegen mellom aust og vest skal gå, er det viktig å få ferdig strekninga mellom Øye og Borlaug på E16 over Filefjell, seier Aksnes. 

Juryleiar Ola Bettum, frå Norske landskapsarkitekters foreining, understreka også at prisen handlar om korleis ein bygger veganlegg som er med inn i framtida. 

Av 40 nominerte til prisen, reiste juryen rundt for å sjå på åtte aktuelle kandidatar. Då prisen er delt i to, ein for nyanlegg og ein for anlegg som fremhevar drift og vedlikehald, meiner juryleiaren dei to vinnarane Skjervelandet på Havøysundvegen i Finnmark og Kongevegen over Filefjell utfyller kvarandre godt. 

Artikkelen held fram under biletet

SMYKKE I LANDSKAPET: Turen gjekk ned Vindhellavegen til Rimskjolden, som er ein av parsellane som utgjer Kongevegen over Filefjell. Det er nok rart å tenkje at Eidsvollmennene kom denne vegen for 200 år sidan. Juryen grunngjev prisen med at arbeidet er eit framifrå døme på korleis ein gjennom samarbeid tek vare på kulturminneverdiar, samstundes som ein legg til rette for friluftliv og næringsutvikling.
SMYKKE I LANDSKAPET: Turen gjekk ned Vindhellavegen til Rimskjolden, som er ein av parsellane som utgjer Kongevegen over Filefjell. Det er nok rart å tenkje at Eidsvollmennene kom denne vegen for 200 år sidan. Juryen grunngjev prisen med at arbeidet er eit framifrå døme på korleis ein gjennom samarbeid tek vare på kulturminneverdiar, samstundes som ein legg til rette for friluftliv og næringsutvikling.

Stor og opplevelsesrik dag 

Feiringa starta på Borgund stavkyrkjesenter, før følget vandra ned Vindhellaskaret og til Rimskjold der plaketten var avduka.

Undervegs var det også spekka med stolte og taletrengte deltakarar som ikkje spara på superlativa. I tillegg var dagen krydra med kulturinnslag med Jørgen Andrisson Kvam på hardingfele, Per Birger Lomheim som ein syngande rallar og Per Haugen utkledd som Løytnant Jürgensen, som leia arbeidet på Kongevegen vest for Stiftstøtta, i Vindhella og Galdane. Haugen står også bak Kong Sverres hus på Borgund, som er med i bedriftnettverket.

I tillegg framførte gruppa "Longhorn" sjølvsagt stamvegvisa "E68 over Filefjell" frå Kjell Opseth si tid som samferdsleminister, noko som spesielt varma hjartet til ordførar i Vang, Vidar Eltun, som også er leiar for Stamvegutvalet. 

Både Solheim og Eltun har hatt planar om å gå heile Kongevegen i lag, men det har ikkje vorte tid. Samstundes håpar dei at det ikkje blir meir fritid på dei etter valet.

Eit føredøme for nasjonalt samarbeid

Sjølv om ikkje arbeidet med prosjektet Kongevegen er heilt å mål, er det ingen tvil om at prosjektet har skapt sterke band på tvers av fylkesgrensa. 

Samarbeid har vore eit stikkord mellom alle aktørane som har vore med på arbeidet for at vegen på ny skal binde plassane i lag. Det har vore eit spleiselag mellom offentlege og private aktørar, der både kommunane, fylkeskommunane, Statens vegvesen, riksantikvar, eldsjeler og sherpaar, for å nevne nokre, har lagt ned eit stor arbeid og drege i same retning, slik at turvegen skal bli ein attraksjon for reiselivet og for folkehelsa, som ein har god tru på at vil hausta goder i tida framover. 

Helge Eidsnes vegsjef for region vest i Statens vegvesen ser Kongevegen over Filefjell som eit banebrytande prosjekt, som ein også må samarbeide om i generasjonar framover.

Artikkelen held fram under biletet

PÅ TVERS AV GRENSA: Vidar Eltun (Ap), ordførar i Vang (frå venstre), Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal og Åshild Kjelsnes (Ap), fylkesordførar i Sogn og Fjordane. I tillegg var også fylkesordførar i Oppland Gro Lundby (Ap), riksantikvaren Jørn Holme, Per Morten Lund vegsjef for region aust og Helge Eidsnes vegsjef for region vest i Statens vegvesen nokre av dei som var tilstades på festdagen. 
PÅ TVERS AV GRENSA: Vidar Eltun (Ap), ordførar i Vang (frå venstre), Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Lærdal og Åshild Kjelsnes (Ap), fylkesordførar i Sogn og Fjordane. I tillegg var også fylkesordførar i Oppland Gro Lundby (Ap), riksantikvaren Jørn Holme, Per Morten Lund vegsjef for region aust og Helge Eidsnes vegsjef for region vest i Statens vegvesen nokre av dei som var tilstades på festdagen. 

Ein pris som forpliktar

– Denne prisen forplikar oss til å ikkje gløyme Kongevegen så snart arbeidet er ferdig. Me må ta vare på den og vedlikehalde den. Om eg ikkje står med ordførarkjedet etter måndagens val, får den stakkaren som skal overta høyre det om ansvaret blir bortgløymd. Eg gler meg til fortsettinga, seier Solheim.  

Fylkesordførar Åshild Kjeldsnes (Ap) seier ho føler seg liten, når ho tenkjer på historia Kongevegen representerer. 

– Gjennom dette prosjektet vil Kongevegen no også vera med lenge etter vår tid. Det er sjeldan eit verdiskapingsprosjekt har passa så godt og vore så viktig for samfunnsutviklinga både før og no. Gjennom Kongevegen-prosjektet ser ein kva det er mogleg å få til så lenge ein står i lag, seier ho. 

Kjelsnes fortel Porten.no at ho ikkje har gått tur langs Kongevegen sidan ho gjekk vidaregåande i Årdal. Kjelsnes er klar på at no skal ho ta med barnebarnet for å syne fram indrefileten og den stolte arven frå heimfylket. 

Viktig for historiske vegar i Noreg

– Kva betyr prisen?

– Det er sensasjonelt at også kulturminne no er vurdert til denne prisen. Det betyr mykje for arbeidet med historiske vegar i Noreg. Det er eit stort nasjonalt apparat som no følger med det me driv med. Det forpliktar at me held høg fokus framover og når me etterkvart kjem i mål med prosjektet, passar på og tek vare på vegen, seier Adriansen.  

Artikkelen held fram under biletet

KOORDINATOR: Jan Adriansen, er prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell og koordinerar mellom anna tilrettelegging av turvegen, nettverket av bedrifter og informasjonarbeidet. 
KOORDINATOR: Jan Adriansen, er prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell og koordinerar mellom anna tilrettelegging av turvegen, nettverket av bedrifter og informasjonarbeidet. 

Berre i sommar fortel Adriansen at dei i snitt har hatt 30 personar dagleg som har gått turen over Vindhella. Tidlegare har det kanskje vore 4-5 personar, som då har vore ute for å jogge. Men når prosjektet kjem i mål, vil vandrarar kunne nyte opplevingane undervegs, i tillegg til overnatting, god mat og drikke og få ei total ferieoppleving langs Kongevegen over Filefjell. 

På Valdres-sida fortsette markeringa og avdukinga av ein pakett på Kvamskleiva i Vang. 

Til toppen