Gulen/Høyanger: Etter ei rekkje problem med batteripakkane på land i haust, der 8 av 120 var defekte, har straumforsyninga til el-ferja M/F Ampere på sambandet Lavik – Oppedal svikta igjen i desember. Til saman har ferja hittil kansellert 40 avgangar denne månaden, skriv Sysla.
I haust vart 135 avgangar kansellerte, men problema vart løyste etter at fleire batterimodular vart bytta. No er det igjen ladeproblem. Ifølgje regionssjef i Norled Inge Andre Utåker er det fleire årsaker til dette.
Det har blant anna vore problem med styringselektronikken og mekaniske problem med sjølve ladepluggane som skal gje ferja straum medan ho ligg til kai. Det gjer at ferja ikkje får nok straum til å klare ein ny overfart. Til saman kryssar Ampere fjorden 34 gongar i løpet av ein dag.
– Det har vore mykje tøys dei siste månadane, sier Utåker til Sysla.
Vidare har problema vorte forsterka av dårleg vêr. Mykje vind gjer at ferja brukar meir straum på den om lag 5,5 kilometer lange overfarten.