OVERSKOT: Hydro Årdal gjekk etter 2. kvartal 2015 med eit solid overskot. Arkivfoto
OVERSKOT: Hydro Årdal gjekk etter 2. kvartal 2015 med eit solid overskot. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

Produksjonsrekord av aluminium på Hydro

I 2. kvartal skiltar Hydro - Årdal Metallverk med eit overskot på 129 millionar kroner, før renter og skatt. 

Fabrikksjef Egil Fredriksen er godt nøgd, sjølv om tala var betre i 1. kvartal av 2015. Likevel er resultatet 119 millionar kroner betre enn same kvartal i fjor. 

NØGD: Egil Fredriksen, fabrikksjef ved Hydro Årdal. Arkivfoto. 
NØGD: Egil Fredriksen, fabrikksjef ved Hydro Årdal. Arkivfoto. 

Driftsinntektene i 1. halvår 2015 var  på 2.2 millionar kroner. Det er 536 millionar kroner meir enn tilsvarende periode året før.

Skadefritt år

– Me har ikkje hatt skader på over eitt år. Det er kanskje det mest positive med 2. kvartalsrapporten. Det er eit teikn på god organisering at folk ikkje skadar seg i jobben, noko som også er bra for omdømme, seier Fredriksen. 

I juni hadde Årdal Metallverk 533 faste tilsette, 35 lærlingar og 33 vikarar. Sjukefråværet var på 4,9 prosent i første halvår 2015. 

I tillegg har utsleppa av flourid gått noko ned. Utslepp av fluorider var 10,2 kg/time og støvutsleppet var 15,4 kg/time i første halvår 2015.

Produserer meir enn nokon gong

Dette er tredje kvartalet med gode tal for Årdal Metallverk. 

– Ein må sjå tala i perspektiv. Frå 2007 og fram til 4. kvartal i 2014 tente me nesten ikkje pengar. Slik sett går det no verkeleg riktig veg. Overskotet på 129 millionar kroner i 2. kvartal er veldig bra. Det har vore god drift og me produserer meir aluminium enn me nokon gong har gjort, seier fabrikksjefen. 

Produksjonen av primæraluminium var 96 698 tonn flytende metall i første halvår 2015, 1552 tonn meir enn i første halvår 2014. Dette er ny produksjonsrekord for elektrolysen. Høgare volum skuldast i hovudsak god og stabil drift i elektrolyseanlegget.

Omlegging gir betre inntening

Totalt vart det produsert 107 103 tonn ferdigprodukt i første halvår, det vil seie 2626 tonn meir enn i same periode i fjor. Likevel er produksjon av valseblokk 2273 tonn lågare enn i 2014. Det er omlegging til høglegerte produkt mellom anna til bilindustrien er årsaka til lågare produktivitet og volum, men betre inntening. Samstundes har produksjonen av støypelegeringar auka med 49 000 tonn samalikna med 1. halvår 2014. Det skuldast i hovudsak høgare produksjon av flytande metall og lågare produksjon av valseblokk. 

Anodeproduksjonen på Årdalstangen har vore 89 732 tonn i første halvår. I tillegg til leveransen til elektrolysen i Årdal, blir det også levert anodar til andre Hydro-einingar.

Ventar ikkje like gode resultat i neste kvartal

Fredriksen fortel at både børsprisen på aluminium på London Metal Exchange (LME), dollarprisen og produktpremium påvirkar økonomien. Alle tre har i vinter vore høge, men no har produktpremium gått ned til normalen i tillegg til at LME prisen på aluminium har gått ned, noko som også gjer at resultatet går ned. 

Aluminiumsprisen på LME varierte mellom 1.787 og 1.808 US dollar/tonn i 2. kvartal, medan gjennomsnittleg vekslingskurs var NOK/USD 7,79. 

– Bakgrunnen er mellom anna att Kina puttar ein del metall inn på marknaden, forklarar Fredriksen. 

Sjølv om dollarprisen er høg, noko som er bra, spår Fredriksen at neste kvartal ikkje får så gode resultat som 2. kvartal, då både børsprisen på aluminium og produktpremium alt har gått ned. 

Til toppen