KAN GLISE: Fabrikksjef Wenche Eldegard har mange grunnar til å smile etter eit godt 2016. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
KAN GLISE: Fabrikksjef Wenche Eldegard har mange grunnar til å smile etter eit godt 2016. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Produksjonsrekord på karbon i spesielt år for Hydro Årdal

Trass to dramatiske straumutfall i 2016, kan Hydro Årdal sjå tilbake på eit sterkt, men spesielt år. 

Årdal: Torsdag la selskapet fram fjorårsresultatet som viser eit overskot på 305 millionar kroner før renter og skatt. Verkssjefen kan også melde at produksjonen er tilbake på rett spor.

– Me legg bak oss eit år som sjølvsagt vert prega av dei to straumutfalla som ramma oss i januar og juni. Trass desse store forstyrringane i produksjonen leverer organisasjonen gode resultat. Me har mykje å vere stolt over i 2016, seier Wenche Eldegard.

Rekord for karbon

I fjerde kvartal viser rekneskapstala til Hydro Årdal eit overskot på 72 millionar kroner før renter og skatt. Det er 23 millionar lågare enn kvartalet før og vert forklara med sesongmessig svakare etterspurnad i fjerde kvartal.

Elektrolysen har kome tilbake på eit stabilt nivå etter straumutfalla, men men mest å juble for har karbonanlegget på Årdalstangen som sette ny produksjonsrekord.

Artikkelen held fram under biletet.

NY REKORD: Karbonanlegget på Årdalstangen har levert til rekord i 2016 med 193.000 tonn produserte anodar.
NY REKORD: Karbonanlegget på Årdalstangen har levert til rekord i 2016 med 193.000 tonn produserte anodar.

– Dei sette rekord med til saman 193.000 tonn produserte anodar. Samstundes har me jobba godt med teknologimiljøet for å redusere utsleppa våre, og no har me svært god utvikling på dette feltet, seier ho.

Historisk lågt sjukefråvær

Før jul blei det klart at Hydro skulle investere 40 millionar i anlegget på Årdalstangen etter som det skulle produsere anodar til piloten på Karmøy. Vanlegvis produserer anlegget anodar som vert nytta i Årdal og Sunndal.

Eldegard gir også ros til eigen organisasjon for måten folk stod på under og etter straumutfalla. No er produksjonen stabil.

Det er ikkje berre på produksjonssida ein kan sjå tilbake på eit rekordår. Også sjukefråværet er historisk lågt med 4,7 prosent. 

Ny robot i støyperiet

Ny teknologi, som roboten dei har fått på plass i valseblokkstøyperiet, bidreg til ein tryggare arbeidsplass. 

– Roboten støvsuger, merkar og set stropper på blokkene. I tillegg utfører han sluttkontroll som dimensjonsmåling og ultralyd før produktet vert sendt til kunden. Dette var tidlegare manuelle operasjonar og roboten gir difor ein enklare kvardag for operatørane, forklarar Eldegard.

I 2016 produserte aluminiumsverket i Årdal 220.000 tonn med produkt av aluminium. Fabrikken støyper legerte aluminiumsprodukt som i hovudsak vert sendt til kundar i det kontinentale Europa for vidareforedling til som bildelar til dømes.

Til toppen