Sandøy: – At vi valde å gjere dette har bakgrunn i at vi lenge har hatt ein grunntanke om å bruke kortreiste ressursar, gjenbruk, å nytte fornybar energi og å ta vare på jorda – i vid forstand, både jorda under oss og jordkloden, seier Bente Giæver Nordanger.

Produserer straum til garden frå taket på hønsehuset
Bente og Bjarte Nordanger driv gard ut frå ein tanke om berekraft og har lenge ønska å lage straum til eige forbruk på garden på Sandøy. Det gjorde at dei nyleg investerte i solcellepanel.