IKKJE YNSKJELEG: Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer ikkje vidare utbygging av vasskraftverk. Her er Tommy Hauge, ordførarkandidat for MDG i Årdal, i Nundalen. Foto: Privat
IKKJE YNSKJELEG: Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer ikkje vidare utbygging av vasskraftverk. Her er Tommy Hauge, ordførarkandidat for MDG i Årdal, i Nundalen. Foto: Privat

MEININGAR

Programfesta nei til vasskraftutbygging

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer ikkje vasskraftutbygging i tida framover. Her kan du lese kvifor. 

MDG både sentralt og lokalt har programfesta at vidare vasskraftutbygging ikkje er ønskjeleg, då me ikkje trur at det er ei berekraftig god løysing for framtida å skulla produsera, og dermed forbruka, enda meir energi.

Me er ikkje i mot vasskraft i seg sjølv - det er rein og fornybar energi - og me er sjølvsagt klar over at Årdal er Årdal nettopp på grunn av kraft og industri. Men no er det på tide å ta nye vegval!

LES OGSÅ: Kommunen seier ja til kraftutbygging i Nundal

Me er altså på eit reint prinsippielt grunnlag i mot vasskraftutbygginga i Nundalen,  men for oss handlar dette i tillegg om så mykje meir enn det prinsippielle.

NUNDALEN: Miljøpartiet Dei Grøne reiste til Nundalen for å poengtere sitt syn på saka om kraftutbygginga.
NUNDALEN: Miljøpartiet Dei Grøne reiste til Nundalen for å poengtere sitt syn på saka om kraftutbygginga.

Sår og tekniske inngrep

Årdal har fått øydelagt nesten uverkeleg store delar av si kulturhistorie gjennom kraft- og industriutbygging. Nundalsvassdraget er det siste uberørte vassdraget i Årdal som ikkje er råka av kraftutbygging - utanom dei som er verna av nasjonale myndigheiter. Me finn sår og tekniske inngrep i alle dalføre på grunn av kraftutbygging. 

MDG Årdal er opptekne av at den urørte naturen og dei kulturhistoriske verdiane som me finn i Nundalen skal takast vare på for framtidige generasjonar.

Ein attraksjon

Årdal skal og bør satsa på Nundalen som ein attraksjon i det natur- og kulturbaserte reiselivet, men også som ein stad der årdøler generelt, skuleelevar og andre kan oppsøka for å læra om vår eiga kulturhistorie.

LES OGSÅ: Fylkesmannen er kritisk til kraftutbygginga i Nundalselvi 

Det finst ressurspersonar, til dømes i Stiftinga Nundalen, som kan og vil jobba for dette. Tekniske inngrep og moderne bygg i strandsona vil øydelegga for ei slik satsing og kan ikkje gjerast om på seinare.

I skule- og formidlingssamanheng er Nundalen eit fantastisk utgangspunkt for læring. Historia i Nundalen går attende til jernalderen, og i dalen finn me teikn på den tidlege kulturhistoria vår knytt til både jordbruk, jakt og fiske.

Det skal ha budd rundt 60 menneske i dalen, og her fanst ein eigen skulekrins. Me må kunna seia at Årdal har blitt belasta nok når det kjem til kraftutnytting av vassdraga våre - og spesielt når det får konsekvensar som dette.
 

Til toppen