NY SESONG: Fjernsynsserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu går no kvar søndag på norske TV-skjermar. Her kan du møte mannen bak programmet.
NY SESONG: Fjernsynsserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu går no kvar søndag på norske TV-skjermar. Her kan du møte mannen bak programmet.

Programmet ingen skulle tru at nokon kunne ta over

Sogndølen Arve Uglum er inne i sin andre sesong som programleiar for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. – Etter den første slutta folk å samanlikna oss med det gamle, seier han.

Sogndal: Han blir framleis spurt kva han tenkte då han fekk tilbodet om å ta over den etter kvart legendariske serien.

– Eg trudde dei tulla. Dei kan ikkje meina at eg skal laga dette programmet her, seier Arve Uglum.

Det var ikkje tull.

Overskrifta på denne saka, derimot, er litt tullete. Den er der mest for å irritere intervjuobjektet. For sjølv om han enno er fersk i rolla, har Arve Uglum for lengst høyrt alle tenkjelege ordspel med programtittelen. 

– Eg har slutta å le av dei for lenge sidan. Det kan hende eg gjer det likevel, men då er det berre for å vera høfleg, seier han.

Les også: Låten hennar kan bli ein del av nordmenns juletradisjon

LEGENDA OG ARVTAKAREN: Oddgeir Bruaset leia Der ingen skulle tru gjennom tretten sesongar før han gav oppgåva vidare til Arve Uglum.
LEGENDA OG ARVTAKAREN: Oddgeir Bruaset leia Der ingen skulle tru gjennom tretten sesongar før han gav oppgåva vidare til Arve Uglum.

Hoppsporten etter Bjørn Wirkola

Det er dèt svaret han alltid gir, at dette ikkje kunne vere alvor. For å ta over etter Oddgeir Bruaset, mannen bak ein av dei største suksessane i NRK si historie, skulle eigentleg vere ei umogleg oppgåve. Etter tretten sesongar var mannen og programmet blitt eitt.  

KUNST: Få hoppa vakrare enn Bjørn Wirkola. Men hoppsporten døydde ikkje med han. Fotograf: van Deurs/Billedbladet NÅ (Riksarkivet).
KUNST: Få hoppa vakrare enn Bjørn Wirkola. Men hoppsporten døydde ikkje med han. Fotograf: van Deurs/Billedbladet NÅ (Riksarkivet).

Som Arve Uglum sjølv seier det, det var som å ta over managerstolen etter Alex Ferguson. Eller som å hoppe etter Wirkola, som var floskelen alle andre konfronterte han med.

Arve Uglum er ikkje spesielt glad i flosklar. Ikkje hadde han sett Bjørn Wirkola hoppe heller, slo det han. Så då leita han fram nokre gamle klipp. Og fann ut at lengdene som den gong var bakkerekord, i dag knapt får deg over kulen.

– Då skjønte eg at det var mogleg, seier Uglum.

Jakta på grunnidèen

Saman med fotograf Torje Bjellaas skrei dei til verket med klare tankar om kva dei ville endre. Men først ville dei formulere kva som var grunnidèen, det dei ikkje kunne rokke ved. Målet var å få ned èi setning. Men dess fleire komma setninga fekk, dess betre skjønte dei kor vanskeleg det eigentleg var.

Til slutt gjekk dei til kjelda sjølv. Svaret frå Oddgeir Bruaset kom kontant: Programmet handlar om ressurssterke menneske som bur avsides fordi dei har valt det sjølv. 

Ingen komma. Akkurat det dei trengte.

– Det var dèt som var viktig for oss. Me ønskte å ta vare på dei sterke sidene ved programmet og samtidig gjera det etter vårt hjarte, seier Uglum.

Stafettpinnen var levert.

SUPERDUO: Arve Uglum har vel knapt gjort eit intervju der han ikkje skryt uhemma av kollega og fotograf Torje Bjellaas. Dette portrettet er det han som har teke.
SUPERDUO: Arve Uglum har vel knapt gjort eit intervju der han ikkje skryt uhemma av kollega og fotograf Torje Bjellaas. Dette portrettet er det han som har teke.

Stille før stormen

Noko oppstyr må du rekne med når du tek over ansvaret for ein nasjonalskatt. Men etter nokre innleiiande skriverier i avisene vart det stille.

– Det var ikkje noko mas då me laga programmet. Me gjekk på mange måtar under radaren, minnest Uglum.

Men då journalistane byrja å ringe att før premieren skjønte dei at dette var større enn noko av det dei hadde gjort før.

HELLIG: Dette var logoen til programmet i tretten år. Muren vart med òg etter at Bruaset gav seg.
HELLIG: Dette var logoen til programmet i tretten år. Muren vart med òg etter at Bruaset gav seg.

– Då den første episoden gjekk på lufta, var det litt slik at: «no smell det». Me er fleire som står bak serien, men eg visste det var eg som fylte Bruaset-rolla og det var eg som kom til å få det, seier Uglum.

Tilbakemeldingane var overstrøymande. Grunnmuren var inntakt og folket godtok det nye.

– Etter den første sesongen slutta folk å samanlikna oss med det gamle, seier programleiaren.

Apropos murar. Då Arve Uglum fortalte bror sin om alt han hadde tenkt å endre, musikken, logoen, det grafiske uttrykket, fekk han eitt av dei første hinta på kor mykje serien betyr for folk.

– Han ser på meg med mord i blikket og så spør han: «du skal ikkje ta vekk muren?». Eg svarar «nei, nei, me må jo ha ein mur». Eg hadde ikkje tenkt på det i det heile teke. Men det er ein mur i logoen vår no, då. Den er ny, men det er ein mur. Det er på grunn av han.

Jakta på meininga med livet

Søndag går den tredje av seks episodar av andre sesong på lufta. Som sjåarar får vi nok ein gong drøyme oss vekk i det ukompliserte livet, utan å bli hefta av alt slitet som følgjer med.

Programleiaren har ingen illusjonar om kva som ligg bak idyllen. Men sjølv han kan i ei svak stund misunne dei han besøker, som Magne Sylvarnes der han strevar i bratte bakkar på heimgarden ved Sognefjorden.

SJØLVBERGA SØRLENDING: I neste episode på søndag får vi møte Trond Henning Monan som bur for seg sjølv i skogane utanfor Kristiansand. Utan straum og vatn, men med vedfyrt spa og solceller på taket.
SJØLVBERGA SØRLENDING: I neste episode på søndag får vi møte Trond Henning Monan som bur for seg sjølv i skogane utanfor Kristiansand. Utan straum og vatn, men med vedfyrt spa og solceller på taket.

– Han veit kva som er meininga med hans tilvære på jorda. Slik er det med mange av dei vi lagar program om. Eg kan misunna dei dèt og misunnar dei omgivnadane dei har rundt seg. Samtidig ser eg kor mykje desse folka kan, kor hendige dei er, kor tøffe og tolmodige dei er, og kor mange ting dei er villige til å klara seg utan. Eg har nok ikkje den støypinga. Eg har nok innsett at eg er ikkje kvalifisert til å leva på den måten, seier Uglum

I januar skal dei filme sesong nummer tre, eller seksten om du tel frå starten. Planlegginga av sesong fire er rett rundt hjørnet. Så veldig mykje lenger enn dèt har ikkje duoen Bjellaas og Uglum tenkt. Til sjuande og sist er det sjåarane som avgjer kor lenge dei får halde på. Det viktigaste målet er uansett nådd. Dei har vist at det er fullt mogleg å hoppe etter Wirkola.

Eller som dei som hatar flosklar ville ha sagt det:

– Det er utruleg godt å vita at eg ikkje vart TV-bransjens svar på David Moyes, seier Arve Uglum.

Til toppen