Sogn: Etter ei påske der nordmenn ikkje har kunne feriert utanfor eigen kommune, opnar regjeringa for igjen å kunne ta turen til hytta den 20. april. Samstundes som dette blir mogleg, blir det anbefalt at nordmenn bør leggje til side planar om utanlandsreise til sommaren.

Promoterer Luster på ei side som oppmodar om norgesferie
Helsemyndigheitene oppmodar nordmenn om å skrinleggje planar om ferie utanlands i år, og heller ta ferien i Noreg. På Facebook får dei hjelp av ei gruppe, som fort har blitt populær.