Prosten: – Ei vanskeleg sak

Prosten: – Ei vanskeleg sak

Prosten i Indre Sogn prosti, Kjetil Netland, ser begge sider av saka kring preikestolen, og vedgår at det er ei vanskeleg sak.

Prosten var sjølv tilstades i Tønjum kyrkje onsdag kveld, der den framtidige bruken av kyrkja og fjerninga av preikestolen vart diskutert.

Preikestolen vart fjerna frå Tønjum kyrkje i midten av mars, og har enda ikkje kome til rette. Foreløpig ligg preikestolen innpakka i plast på eit lager på Lærdalsøyri.

Netland tok fleire gonger ordet under møtet, der han kommenterte båe sider av saka og fleire gonger viste til uttalingar frå riksantikvaren.

Ser begge  sider
Når Porten.no spør prosten om kva han meiner om fjerninga av preikestolen, kan han ikkje gi eit klart svar. Netland fortel at han ser båe sider av saka, og at ei sak som dette er veldig vanskeleg.

– Det er klart at ei sak som dette skapar engasjement. Mange saknar preikestolen som eit møbel, ikkje berre på grunn av det arkitektoniske, men fordi preika har vorte ein del av kyrkja si sjel.

Netland kommenterte også engasjementet som har vorte synt av bygdefolket kring denne preikestolen. Han fortel til Porten.no at han tykkjer det er fantastisk å sjå at så mange bryr seg om den lokale kyrkja.

Artikkelen held fram under biletet.

YTRA SEG: Prosten sa fleire velvalde ord under det opne møtet onsdag.
YTRA SEG: Prosten sa fleire velvalde ord under det opne møtet onsdag.

Viktig reform
Under ungdommens kyrkjemøte i 2003 og 2004 vart det ytra ynskje om ei meir fleksibel kyrkje. Ungdommane vart tekne på alvor, og ynsket vart i fyste omgang omgjort til eit vedtak for å gjere kyrkja meir fleksibel.

I dag er vedtaket vorte ei reform, ei reform det framleis vert jobba med. Målet med reforma er at kyrkja skal verte meir fleksibel, og at den skal utvikle seg i takt med tida.

Reforma slår òg fast at det er opp til kvar enkelt kyrkjelyd å bestemme korleis gudtenestene i soknet skal gjennomførast og dermed bestemme om kyrkja skal vere ei levande folkekyrkje eller om ein skal behalde kyrkja sånn ho er.

Fleksibilitet, tilpassing og involvering
Netland seier seg einig i denne reforma og det ho står for, men legg til at det ikkje er alt som kan tilpassast det nye samfunnet.

I ei så gamal kyrkje som det Tønjum kyrkje er, er det strenge reglar for kva som kan endrast og ikkje. I mange tilfelle vil det difor vere sett grenser på kor mykje som kan endrast i ei så gamal og minneverdig kyrkje.

– Tida endrar seg, og måten kyrkjene vert nytta på har også endra seg.  Eg vil at kyrkjene skal verte nytta og vere folkelege, men samstundes tykkjer eg det er viktig å verne om det som er verneverdig.

Til toppen