SAMLA: Bjarne Aagard, Helene Langeland, sokneprest i Aurland Jermond Hausberg og prost Kjetil Netland var saman på tiårsjubileumet til Nye Steg. Foto: Jan Christian Jerving.
SAMLA: Bjarne Aagard, Helene Langeland, sokneprest i Aurland Jermond Hausberg og prost Kjetil Netland var saman på tiårsjubileumet til Nye Steg. Foto: Jan Christian Jerving.

Prosten kom på jubileumsfeiring for trusopplæringa Nye Steg

I år er det tiårsjubileum for trusopplæringa Nye Steg i Aurland og Lærdal, og det måtte feirast.

Difor blei det halde fest i Lærdal for å feira alle som har gjort ein frivillig innsats i kyrkja sitt arbeid det siste året. Denne festen byttar dei på å arrangera i Aurland og Lærdal, og i år var det Lærdal sin tur.

Ein av dei som var inviterte var tidlegare sokneprest i Lærdal Kjetil Netland.

– Ein av mine aller største opplevingar frå mine elleve år som sokneprest i Lærdal var gudstenesta i Berget det blå (i Lærdalstunellen) med over 1200 kirkegjengarar inni i tunellen på messe i år 2000 før tunellen vart offisielt opna, sa Netland, som no er prost i Indre Sogn Prosti, under opninga av festen.

– Finaste prostiet i Noreg

Med tunellen som vart opna vart det nye mogligheiter for samarbeidet mellom kyrkja i Aurland og Lærdal , og Netland skryt over dei flotte tiltaka som er gjort i desse to bygdene i mellom.

Artikkelen held fram under biletet.

TILSTADES: Prost Kjetil Netland.
TILSTADES: Prost Kjetil Netland.

Etter si tid som sokneprest i Lærdal flytta familien Netland til Stryn og bur no i Balestrand. 

Han avslutta med å rosa at dette er det finaste prostiet i heile Noreg.

Trusarva

Tidligare kykjeverge Bjarne Aagaard var òg beden som gjest.

– Det er eit stort previlegium å få bu og jobba i Lærdal og Aurland, sa han i innleiinga på talen sin. 

– Eg minnes denne flotte utsikta eg hadde frå kontoret mitt, og den usikta er med i Unesco si verdsarvliste. Det er viktig å ta vare på naturarven.

Men Aagaard minna også tilhøyrarane om ei anna arv som er vel så viktig, nemleg trusarva. 

Artikkelen held fram under biletet.

SAMLA: Ein fin gjeng var samla på tiårsjubileumet til trusopplæringa Nye Steg.
SAMLA: Ein fin gjeng var samla på tiårsjubileumet til trusopplæringa Nye Steg.

Aagaard var ein av pådrivarane for trusopplæringa Nye Steg i Aurland og Lærdal. Prosten rosa han i sin tale for arbeidet han har gjort 

– Me hadde ikkje vore her i dag viss det ikkje hadde vore for han, sa han.

– Heldig som er prest i Lærdal og Aurland

Sokneprest i Lærdal Helene Langeland, som har vore ti år i Lærdal, sa i sin takketale at mange følte seg heime i kyrkja. 

Ho synest ho er heldig som er prest i Lærdal og Aurland, og med mange positive menneske rundt seg, føler ho at ho har fått tillit.

I talen fortalte ho vidare om alle tilbodet kyrkja tilbyr ungdomen. Blant anna leir, som Langeland meiner er ein god tradisjon. Kvart år reiser dei til Nesholmen siste veka før skulestart, og ungdomen står i kø for å vera med.

Til toppen