KONKURRANSE: Laurdag går den årlege fiskekonkurransen til Årdal Jeger og Fiskerforening av stabelen, der ein kan vinna flotte premiar. Foto: Vidar Moen.
KONKURRANSE: Laurdag går den årlege fiskekonkurransen til Årdal Jeger og Fiskerforening av stabelen, der ein kan vinna flotte premiar. Foto: Vidar Moen.

Prøv fiskelukka og vinn flotte premiar

Årdal Jeger og Fiskerforening (ÅJFF) håpar på like mange deltakarar på årets fiskekonkurranse som i fjor.

Årdal: Då var det nemleg over 100 personar som hadde meldt seg på den årlege fiskekonkurransen ved damvoktarboligen på Sletterust. Konkurransen har blitt ein tradisjon, og også i år lokkar dei med flotte premier til dei som får mest og størst fisk på land.

POPULÆRT: I fjor var det over 100 deltakarar på arrangementet.
POPULÆRT: I fjor var det over 100 deltakarar på arrangementet.

– Dette er ein del av at det er friluftslivets år, og me samarbeider med damvoktaren. Alle ungar som er med sponsar me med pølser, brus og pizza, seier Vidar Moen, leiar i ÅJFF.

Dei seinare åra har interessa for fisking gått ned blant unge. Moen håpar arrangement som det dei skal ha på laurdag kan lokka fleire ut i naturen.

– Det er eit håp om få fleire unge og familiar ut i naturen. Me ser at interessa har gått ned. Me ønskjer å få folk til å bruka nærområda. Blant anna hadde me ein kampanje der dei som meldte seg inn i foreninga fekk ei fiskestang, fortel han.

Dersom ein ikkje har utstyret som trengst for å få i land den flottaste fjellauren, får ein låne dette av ÅJFF. 

STOLT: Ein av deltakarane i fjor syner stolt fram fangsten.
STOLT: Ein av deltakarane i fjor syner stolt fram fangsten.

Ein sein vår og sommar har sett sitt preg på forholda på fjellet. Framleis ligg det store område dekt med snø. Moen seier han ikkje kan hugsa at det har vore slike forhold til fjellet på denne tida av året før, men er likevel trygg på at det er fisk å få. 

– Det er mange som har fått fisk i Torolmen. Det vatnet har vore lenge ope, så ein får nok fisk, men dei vatna som ligg høgare oppe er det dårleg med, men både Buvatnet og Mannsbergvatnet opnar etter kvart. 

Til toppen