Prøvde å snu bilen på E16 – då small det

Prøvde å snu bilen på E16 – då small det

Mann i 60-åra har fått mellombels inndrege førarkortet.

Lærdal: Vegtrafikksentralen Vest twitrar klokka 1512 at det har vore eit trafikkuhell på E16 ved Seltatunnelen. Det er køar og redusert framkommelegheit på staden. To bilar har kollidert. Det var to personar i kvar bil, og det skal vera snakk om mindre personskade, opplyser politiet til NRK Sogn og Fjordane.

Oppdatering klokka 1645: Politiet twitrar at ein mann i 60-åra prøvde å snu bilen på E16 og vart då påkøyrd. Han har med det fått førarkortet mellombels inndrege.

Til toppen