Årdal: I går køyrde ein utanlandsk trailer seg fast på Tindevegen. Etter at han fekk hjelp første gongen skal han ha prøvd å stikke av.
Det var BT som først omtalte saka.
– Den russiske sjåføren fekk beskjed om å køyre opp svingen der han hadde køyrde utfor, og vente på bilbergeren i svingen ovanfor. Men då ga vogntogsjåføren full gass, og forsøkte å stikke av, seier Arve Wangensteen, dagleg leiar for Vang Auto-Service i Valdres, til BT.
– Ja, men eg er ikkje overraska. Eg har berga mange utanlandske sjåførar, og det er ein kynisk bransje. Sjefen hans i Estland har, via ein tolk, fortalt meg i dag at den russiske sjåføren sjølv må betala bilbergingen. Han blir trukke i lønn, sier Wangensteen.
Sjåføren kom ikkje langt før det gjekk gale igjen. Omlag ein kilometer oppover vegen køyrde vogntoget ut i en sving på nytt. Vidare kjem det fram at kona heime i Russland må selje bilen for å få råd til å betale for bota.