Prøvde fiskelukka i Torolmen

Ein del vind, men enda meir sol gav gode forhold for fiskekonkurranse på laurdag. 

Sletterust: Laurdag vart den årlege fiskekonkurransen til Årdal Jeger og Fiskerforening arrangert på Sletterust.

Sjølv om det ikkje var like mange deltakarar som i fjor, var det ganske mange som prøvde fiskelukka. Heile 73 personar deltok i håp om å vinna flotte premiar.

Det vart delt ut premiar for både mest og størst fisk, og den første kategorien hadde ein ung vinnar med Matilde Blix Hillestad, som fekk eit fiskesett for sine tre fiskar med totaltvekt på 504 gram. Nummer to vart Leo Moen Elgsås med 456 gram.

Dagens største fisk var det Torbjørn Lindborg som sveiva på land. Ein flott fjellaure på 920 gram var meir enn nok til å slå Svein Hauge på andreplass med ein fisk på 712 gram. 

Nummer tre vart Natalie Sponås Lindborg med ein fisk på 620 gram. 

Det handlar ikkje alltid om å få den største fisken. Det vart henta fleire fiskar på 200 og 300 gram på land, og den minste av dei alle fekk Elias Lindborg med ein fisk på vesle 40 gram. 

Berit og Ole Vee heldt ope på Damvoktaren, medan ÅJFF sponsa ungane med gratis pølser og pizza. I tillegg til premiar for fisk vart det også trekt ut vinnarar på startnummer.

Leiar i ÅJFF, Vidar Moen, melder om eit vellukka arrangement og takkar spesielt Arne Moen, Kjell Ove Forthun og Svein Jarle Moen som har hovudansvaret for planlegging og gjennomføring.

Til toppen