MAKS VANSKEGRAD: Klatreruta Fraulein på Kvam i Sogndal er ei av dei vanskelegaste du kan finne i Norge. Håvard Helgesen bestemte seg like godt for å prøve i full russeoutfit. Alle foto og video: Henning Wang/Madskillz Media.
MAKS VANSKEGRAD: Klatreruta Fraulein på Kvam i Sogndal er ei av dei vanskelegaste du kan finne i Norge. Håvard Helgesen bestemte seg like godt for å prøve i full russeoutfit. Alle foto og video: Henning Wang/Madskillz Media.

Prøvde seg på ei av dei tøffaste klatrerutene i landet – i russedress

Tjue dagar seinare gjorde sogndølen det ingen andre utanom klatrestjerna Magnus Midtbø har greidd i så ung alder. Sjå video nedst i saka!

Sogndal: – Eg tenkte at det kunne vera eit litt artig stunt, seier Håvard Helgesen (18), stortalentet frå Sogndal.

STUNT: Håvard Helgesen (18) er siste års junior, men allereie i norgestoppen i klatring.
STUNT: Håvard Helgesen (18) er siste års junior, men allereie i norgestoppen i klatring.

Det var tidleg i mai at han tok med seg russedressen for å prøve seg på ei av rutene han har jobba lenge med på klatrefeltet på Kvam i Sogndal. Ruta er gradert til 8c etter den franske skalaen, noko som på klatrespråket betyr «grisevanskeleg».

– Det er ei av dei hardaste rutene i Norge, seier Helgesen. Og forklarer kvifor:

– Det er dårlege tak og ruta følgjer eit riss du må kila fingrane inn i, noko som er veldig vanskeleg sidan ho er overhengande. I tillegg er det vanskelegaste partiet, cruxet, heilt i toppen og langt over bakken, så du er bra sliten når du kjem opp der, seier Helgesen.

Les også: Råsterk klatreprestasjon av Håvard (17) frå Sogndal

Lummert under rekordforsøket

​Stuntet med russedressen holdt på å ende i suksess, men den unge sogndølen glapp taket i det vanskelege partiet heilt på toppen. Grunna regn og dårleg vêr skulle det gå tjue dagar før han fekk eit nytt forsøk. 

Rett nok utan russedress, men i vanskelegare forhold på grunn av det lumre vêret. Sjå video nedst i saka.

– Den dagen var det sig på nokre av taka, så eg klatra først opp og kalka så dei skulle vere tørre, fortel Helgesen.

Det var planen, men på veg opp merka han at fukten igjen hadde rokke å lage krøll.

– Eitt tak var blitt kliss blautt, så eg måtte stoppe og kalke det opp på nytt. Det krevde veldig mykje krefter, seier Helgesen.

– Lite som slår den kjensla

Då han passerte persen frå tidlegare merka han at den ufrivillige stoppen hadde tatt på. Men med ei siste anstrenging fekk han karra seg opp og festa tauet i ankeret som markerer toppen på ruta.

– Det er lite som slår den kjensla når du tek deg heilt ut og greier ei vanskeleg rute du har jobba lenge for. Eg veit ikkje om nokon andre tilfelle eg kan føla det samme, seier Helgesen.

Truleg er han den yngste i landet sidan klatrelegenda Magnus Midtbø til å klatre til topps på ei rute med den tøffaste graderinga i Norge. Og det rett etter russetida.

 

Til toppen