SNURRAR FILM: Kinosjef ved Lærdal Kino Øyvind Hamre dreg i gang tilbodet "Go' film" torsdagar. Arkivfoto: Eivind M. Øren
SNURRAR FILM: Kinosjef ved Lærdal Kino Øyvind Hamre dreg i gang tilbodet "Go' film" torsdagar. Arkivfoto: Eivind M. Øren

Prøver seg på smalare filmar torsdagar

– Det finst så mange fantastisk bra filmar som er laga utanfor Hollywood, seier Øyvind Hamre, kinosjef i Lærdal kulturhus. 

Den faste kinodagen i Lærdal er søndagar. Men torsdag 26. mars snurrar Lærdal Kino i gang det nye tilbodet "Go' filmen", som er smalare filmar frå ulike delar av verda. 

– Fleire har spurt etter eit slikt tilbod, men me har ikkje funne plass før no. Eg har fått gode tilbakemeldingar på at det er stemning for å sjå gode men litt smalare filmar i veka. No tek me sjansen, men då må også folk nytta tilbodet, seier Hamre. 

Tilbodet om Go'film går torsdagar, men ikkje kvar torsdag då kultursalen er bortlånt til andre ting innimellom.  ​

Opnar med ein norsk film

Torsdag startar "Go'filmen" med den norske spelefilmen "Kvinner i for store herreskjorter". Den er spelt inn i Trondheim og er ein rørande, morosam og upretensiøs film om livets alvor. På skodespelarlista finn du Henriette Steenstrup, Hallvard Holmen, Ingrid Bolsø Berdal, Inga Ibsdotter Lilleaas og Anne Krigsvoll. Filmen har ingen aldersgrense.   ​

FEMININE FORVIKLINGAR: Henriette Steenstrup i filmen " Kvinner i for store herreskjorter".  
FEMININE FORVIKLINGAR: Henriette Steenstrup i filmen " Kvinner i for store herreskjorter".  

Tek hemn på samfunnet

Torsdag 2. april er det klart for den argentinske filmen "Wild tales", ein svart komedie som mellom anna var Oscar nominert og vann publikumsprisen på Film frå Sør-festivalen i Oslo.

Gjennom filmen følger me vanlege menneske som blir pressa til grensa for kva dei kan akseptera i ulike kvardagssituasjonar og som bestemmer seg for å ta hemn. Blir du irritert over idioten i bilen framfor deg eller av ivrige parkeringsvakter, er nok dette filmen for deg. "Wild tales" har aldersgrense 11 år.

KULTURKOLLISJON: I filmen "Pride" møter me ei gruppe homofile i London, som identifiserer seg med gruvearbeidaranes kamp mot makta i Storbritannia året 1984. 
KULTURKOLLISJON: I filmen "Pride" møter me ei gruppe homofile i London, som identifiserer seg med gruvearbeidaranes kamp mot makta i Storbritannia året 1984. 

Gruvearbeidarar og homofiles kamp mot makta

På plakaten torsdag 23. april står filmen "Pride", med skodespelarar som Bill Nighy, Imelda Staunton og Dominic West. Den er sett til 80-talet, der Thatcher styrer Storbritannia med jarnhand. Gruvearbeidarar steikar og mange familiar slit med å setje mat på bordet. Ei gruppe homofile menneske i London bestemmer seg for å samle inn pengar for å hjelpa gruverarbeidarane, noko som viser seg å vera alt anna enn lett. Dette er ein varm, fargerik og morosam film om to ulike kulturar som prøvar å samarbeide om eit felles mål. "Pride" har aldersgrense 7 år. 

Har du tips til gode saker? Send e-post til tips@porten.no, SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen