I dag er det berre hjernevev frå døde dyr som blir brukt for å påvise skrantesjuke. Veterinærinstituttet jobbar no med å finne alternativ til denne metoden.
− Vi jobbar med to typar tester. Den første metoden er analyse av vevsbitar frå endetarmen til dyra. I endetarmen finnes det lymfatisk vev, spesielt hos unge individ, der smittestoffet kan bli påvist, seier Turid Vikøren, forskar ved Veterinærinstituttet i ein artikkel på eigne nettsider.
Les også: Skjebnen til reinen i Nordfjella vert avgjort etter påske
Les også: Foreslår å sleppe laus rovdyr for å stanse sjuke reinsdyr
Metoden kan moglegvis bli brukt på testing av levande tamrein og oppdrettshjort, for eksempel i samanheng med kartlegging av skrantesjuke i en flokk. Den kan også brukes for testing av viltlevende hjortedyr som bedøves i merkeprosjekter.
Den andre metoden går på å teste avføring frå dyr og muligens òg miljøprøver.
− Ulempa med å undersøke avføring som du samlar i miljøet, er at du ikkje veit kva for dyr avføringen er frå. Fordelen er at du kan undersøke om det finst skrantesjuke i miljøet i spesifikke område. Slik kan du finne område der ein bør teste dyr med konvensjonelle testar. Det kan òg vere aktuelt å bruke testen i forskningssamanheng for undersøking av vev, urin eller spytt, skriv Veterinærinstituttet.
Samstundes understrekar Veterinærinstituttet at dei to metodane dei jobbar med førebels ikkje kan erstatte den som blir brukt i dag og som er basert på hjernevev frå døde dyr.