BREV: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp, t.v.) og i Høyanger, Petter Sortland (Ap, t.h.) er blant ordførarne i seks kommunar som ber regjeringa setje ein stoppar for vindkraftplanar.
BREV: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp, t.v.) og i Høyanger, Petter Sortland (Ap, t.h.) er blant ordførarne i seks kommunar som ber regjeringa setje ein stoppar for vindkraftplanar. (Foto: Arkivfoto)

Provoserte av vindkraftutbyggjarar – krev handling frå regjeringa

Ordførarane i Høyanger og Gulen er to av seks ordførarar som krev at regjeringa ber vindkraftutbyggjarane stoppe planane etter at kommunane har sagt nei til vindkraft.

Gulen/Høyanger: Ordførarane i Gulen og Høyanger krev saman med ordførarane i Masfjorden, Gaular, Fjaler og Hyllestad at regjeringa grip inn og stoppar planlegginga av nye vindkraftverk. Dei seks ordførarane har sendt brev til Olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg (Frp) med kravet, skriv Bergens Tidende. 

Ordførarane viser til vedtaka i kommunane om at dei ikkje ønskjer vindkraft og ber om at dei demokratisk fatta vedtaka vert respekterte, sjølv om nasjonal ramme for vindkraft er skrota. Dei krev at statsråden grip inn og stoppar all vidare planlegging av nye vindkraftprosjekt i områda. 

Fred. Olsen Renewables AS sende inn melding til Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) om prosjektet Høyangerfjell vindkraftverk medan nasjonal ramme framleis var ute på høyring. Dette reagerte ordførar i Høyanger, Petter Sortland (Ap), på. Han tok inititativ til eit brev frå kommunen der dei bad utbyggjarselskapet trekkje meldinga, noko Fred. Olsen Renewables ikkje gjorde. 

Planutvalet i Høyanger kommune avviste nyleg ein søknad frå utbyggjaren om dispensasjon til å setje opp vindmålar i fjellet.

Utbyggjarselskapet Zephyr AS held også fram planlegginga av nye prosjekt, men møtte nyleg stor motstand på eit grunneigarmøte i Guddal.  

I Gulen er konsesjonen Zephyr har fått for Dalsbotnfjellet framleis under klagehandsaming etter at kommunen klaga på vedtaket. Kommunen sa nei til prosjektet, men NVE gav likevel konsesjon.  

Til toppen