EIGEN PRØYSENKABARET: Lærdal songkor gjer den siste finpussen før framsyninga. 
EIGEN PRØYSENKABARET: Lærdal songkor gjer den siste finpussen før framsyninga. 

Prøysen i ord og tonar

Både Jørgen Hattemaker, trassige Tora, Ingebjørg og Gunnar på Mo skal på dans på lokalet. Kjem du?

Dei kring 25 medlemma i Lærdal songkor er i sluttfasen av haustens øvingar til sin eigen Prøysenkabaret for å hylle Prøysen i jubileumsåret, fortel leiar av songkoret Kari Blåflat. I år er det 100 år sidan visesongaren og forfattaren vart fødd.

TANGO FOR TO: Inga Winjum er klar for Gunnar på Mo.
TANGO FOR TO: Inga Winjum er klar for Gunnar på Mo.

Kjent og kjært

På framsyninga kan du høyre kjende og kjære Prøysensongar frå 1950- og 60 talet og få eit gjensyn med mange av Prøysens sine figurar. Kabareen er sett til eit danselokale på 1960-talet.

Kvardagsfilosofering

Alf Prøysen kjem også innom, spelt av Henrik Andersgaard, med kvardagsfilosofering og spissformuleringar som fekk folk til å sjå annleis på ting. 

Tekstane er henta frå tida då Prøysen skreiv små stubbar for Arbeiderbladet. Seinare vart desse tekstane samla tre bøker, der laurdagens framsyning er henta frå boka «Spaserveier i granskog».

SØNNAVINDSVALSEN:Olaug Skjerdal og Even Hov.
SØNNAVINDSVALSEN:Olaug Skjerdal og Even Hov.

Einaste framsyninga

Lærdal songkor ønskar deg hjarteleg velkommen til framsyninga laurdag 15. november i Lærdal kulturhus, som er einaste høve til å få kabareten med seg.

Til toppen