KONGE I LUFTA: Christophe Psyche vart tomålsscorar mot Start, men deppa etter kampen. Foto: Halvor Farsund Storvik
KONGE I LUFTA: Christophe Psyche vart tomålsscorar mot Start, men deppa etter kampen. Foto: Halvor Farsund Storvik

Psyche-dobbel ikkje nok for Sogndal

Med to identiske headingar lagde midtstoppar Christophe Psyche for første gong i karriera to mål i ein kamp. Det heldt likevel ikkje til siger mot Start.

Sogndal-Start: 2-2

Start hadde ikkje vunne på 26 kampar då dei entra Fosshaugane i regnvêret. Den statistikken vart utvida med èin kamp, utan at nokon i Sogndal jubla av den grunn.

Christophe Psyche nådde ein personleg milepæl då han stanga Sogndal i leiinga 2-0 åtte minutt ut i andre omgang. Men heller ikkje det vert feira, skal vi tru hovudpersonen sjølv. 

– Det er første gong eg scorar to mål sidan eg byrja å spele fotball. Det er fantastisk, men det blir ikkje den same gleda når vi ikkje vinn, seier Psyche til Porten.no etter kampen.

JUBEL: Så glad blir ein midtstoppar når han scorar mål. Men Christophe Psyche var ikkje ferdig for kvelden.
JUBEL: Så glad blir ein midtstoppar når han scorar mål. Men Christophe Psyche var ikkje ferdig for kvelden.

Sogndal med god kontroll

Sogndal var det beste laget i ein førsteomgang som var fattig på sjansar. Men kva gjer dèt når du har ein midtstoppar i scoringshumør? Kampen var berre ti minutt gamal då Christophe Psyche stanga heimelaget i føringa.

Etter den rolege starten tok Sogndal meir over. Likevel måtte publikum vente til det 25. minutt før det skjedde noko igjen. Sveen vart servert på blankt mål av Raitala, men den omskulerte midtbanespelaren fekk ikkje stokka beina og skotet gjekk i stolpen frå fire meter.

I FARTA: Her serverer Jukka Raitala makker Ole Amund Sveen på ope mål. Den finske backen kunne hatt fire målgjevande, men Sveen, Otoo og Bolseth bomma i tur og orden.
I FARTA: Her serverer Jukka Raitala makker Ole Amund Sveen på ope mål. Den finske backen kunne hatt fire målgjevande, men Sveen, Otoo og Bolseth bomma i tur og orden.

– Ballen kom frykteleg fort, men det er inga unnskyldning. Den skal sitte, seier ein oppgitt Ole Amund Sveen.

Kampen heldt fram i same spor, Sogndal hadde god kontroll og dominerte banespelet, utan å skape det heilt store. Men det gjorde på ingen måtar Start heller. 

Først når det stod att fem minutt av omgangen vart det for første gong spanande framfor målet til Mathias Dyngeland. Midtbanemannen Chidiebere Nwakali vart spelt fri, men skotet gjekk i nettveggen, truleg via hanskane til keeper Dyngeland. Sogndal kunne gå til pause med 1-0 leiing.

Ny Psyche-scoring

Sogndal kom best ut av startblokkene også i andre omgang.

I det 51. minutt var Raitala igjen på farta på venstrekanten. Innlegget mot Otoo var perfekt, men keeper Håkon Opdal fekk redda skotet til corner. Som eigentleg var heilt greitt, for det som følgde var rein reprise frå første omgang. Psyche var igjen konge i feltet og kunne styre ballen inn til 2-0. 

Sogndal heldt fram med å produsere sjansar. Otoo var farleg frampå fleire gonger, men anten traff han dårleg, eller så var det nokon som stod i vegen. Symptomatisk for ein spiss som slit med å finne tilbake til godforma frå i fjor.

Etter kvart greidde Start å kjempe seg inn att i kampen. Laget greidde å kome til fleire avslutningar og det låg allereie ei scoring i lufta då startforsvarar Alexander Ray De John stanga inn 2-1.

– I dag tykte eg me vart litt engstelege for å tapa. Og så gav me Start akkurat den scoringa dei trengde for å få blod på tann. Hadde me holdt dei fem-ti minutt til, så trur eg me skulle greidd å scora både tre og fire, seier trenar Eirik Bakke.

TANNLAUS: Mahatma Otoo er langt unna forma som resulterte i tretten scoringar i fjor. Mot Start gjekk han mållaus av bana for åttande gong i år.
TANNLAUS: Mahatma Otoo er langt unna forma som resulterte i tretten scoringar i fjor. Mot Start gjekk han mållaus av bana for åttande gong i år.

Utlikning etter Sogndal-rot

Heimelaget tok seg i nakken etter dette, men aldri nok til å drepe kampen med ei tredje scoring. Etter 71 minutt kjempa Eirik Birkelund seg gjennom. Bergensaren storma inn i sekstenmeteren, men då var det slutt på kreftene. Ein startforsvarar fekk kasta seg fram og sklitakla til hjørnespark. 

Kampen var no open i begge endar. Først fekk innbytar Espen Hoff sjansen på ein volley som gjekk rett i forsvarsblokka. Få minutt seinare var same mann plutseleg åleine gjennom etter nøling og rot i sogndalforsvaret.

Hoff køyrde karusell med Psyche før han kontrollert styrte inn utlikninga med seks minutt igjen på kampuret.

– Han slår tunnell på meg. Han var heldig, medan eg var det ikkje, oppsummerer Psyche målet som tok frå han ein opplagt grunn til å sprette champagnen. 

Bolseth kunne blitt helten på slutten

På dette tidspunktet hadde Sogndal bytt ut Otoo og var utan ein einaste av sine faste spissar. Dermed vart Kristian Fardal Opseth kasta innpå i jakta på sigersmålet.

Men det var superveteran Rune Bolseth som skulle få den største sjansen på tampen. Med to minutt igjen på klokka rulla heimelaget opp på venstresida. Raitala la ballen på eit sølvfat til Bolseth, som ikkje greidde å styre ballen på mål.

– På 2-1 gjorde me nokre grep for å komma litt inn i kampen att. Det fungerte ikkje, så det får eg ta på mi kappe. Me fekk ikkje det trøkket me hadde ønskt. Men hadde Bolli scora på slutten der så hadde eg vel blitt genierklært. Det er slik dette gamet er, seier Bakke.

På overtid kunne det derimot gått riktig gale. Start-innbytar Lars-Jørgen Salvesen vart spelt åleine gjennom. Skotet hadde retning mot venstre kryss, men ei feberredning av dei sjeldne signert Mathias Dyngeland hindra scoring. 

Dermed vart det 2-2 på Fosshaugane, eit skuffande, om enn ikkje heilt ufortent resultat.

– Det vart veldig kaotisk på slutten, noko som er ulikt oss. Då kunne me fort ha tapt òg. Det var ei fantastisk redning av Mathias, som det utruleg nok ikkje vart corner på. Så me får skryta av dommaren i dag, seier Bakke, med eit aldri så lite glimt i auga.

Til toppen