ROCKA: Bandet system spelte for tredje året på rad under årets Påskerock. Foto: Hugin Musikkforum. 
ROCKA: Bandet system spelte for tredje året på rad under årets Påskerock. Foto: Hugin Musikkforum. 

Publikum strøymde til årets Påskerock

– Det har vore to dagar med utruleg bra musikk og høgt nivå på alle banda, seier Terje Svori. 

Arrangøren er godt nøgd med to-dagarsfesten der heile 10 ulike band har spelt på Bakeriet i Øvre Årdal. 

– Det har vore kjempe bra og me er godt nøgde med årets arrangement, seier Svori som er leiar for Hugin Musikkforum som arrangerte Påskerock. 

Stuv var eit av dei lokale banda som spelte under årets Påskerock. Foto: Hugin Musikkforum. 

Selde 600 billettar på førehand

Publikum skal ha strøymd til arrangementet, ifølge Svori. 

– Det var så og sei fullt hus begge kveldane, men det hadde nok vore plass til litt fleire, seier han. 

Musikaren Ketil Thorbjørnsen under årets Påskerock. Foto: Hugin Musikkforum. 

Det var i alt seld 600 billettar på førehandssalet. 

– Folk oppførte seg eksemplarisk og vi har fått mykje gode tilbakemeldingar får dei som var til stades, seier Svori. 

Til toppen