SOM BANKEN: Frå straffemerket sikra Kristian Fardal Opseth 1-0 i opprykkskampen mot Florø søndag. Bodø/Glimt vann til slutt 4-1.
Video

Pustar både klubbrekord og Nannskog i nakken – vert rosa opp i skyene av trenaren

Dagen etter at Bodø/Glimt-gullet vart sikra blir rekordjagande Kristian Fardal Opseth rosa opp i skyene. – Han har vore avgjerande for at vi klarte det, seier trenar Aasmund Bjørkan.

Bodø: Målgarantisten Kristian Fardal Opseth har vore ei av dei viktigaste brikkene i Bodø/Glimt-opprykket, som vart definitivt sikra i går. No snusar kaupingen på to legendariske skåringsrekordar.

– Det hadde vore ekstremt moro, ikkje minst å ta att Nannskog. Å ha ein slik rekord er noko som triggar meg, men det er eit stykke opp og eg skal ha eit godt snitt ut sesongen for å klara det, seier målgarantisten, lettare hås i stemma etter feiringa i natt.

Her er rekordane vi snakkar om:

(Artikkelen held fram under videoen)

– Har blitt utruleg glad i Kristian

I 2005 skåra Daniel Nannskog 27 mål på ein sesong for Stabæk. Ingen har skåra fleire sidan førstedivisjon vart èi avdeling i 1997.

Fardal Opseth har 23 mål og fire kampar igjen.

Tek han att den munnrappe svensken vil han samtidig tangere klubbrekorden til Bodø/Glimt (etter 1977), sett av Ivar Morten Normark i 1990. Det året spelte nordlendingane på nivå tre i norsk fotball.

– No har me nådd det store målet me sette oss før sesongen, så då er det godt å ha litt ekstra motivasjon på dei siste kampane, seier Fardal Opseth.

Trenar Aasmund Bjørkan er stolt av laget og full av ros om toppskåreren.

– Kristian har vore avgjerande for at vi klarte det, både på og utanfor bana. Gutane på laget og vi rundt har blitt utruleg glad i Kristian på veldig kort tid, seier han.

Har for vane å treffe gull med spissane

Glimt-trenaren trur sjansane er 50/50 for at eleven greier å putte dei fire måla som skal til for at han tangerer dei to skåringsrekordane til Nannskog og Normark.

– Men om han greier det eller ikkje, så har han uansett hatt eit fantastisk år for Glimt. Vi gler oss til fortsettelsen, seier Bjørkan.

Bodø/Glimt har gjort det til vane å treffe gull når dei hentar spissar. Abdurahim Laajab kom gratis i 2013 og vart solgt til Kina i 2015 etter to strålande sesongar.

Inn kom Alexander Sørloth, på lån frå Rosenborg, og imponerte såpass at han vart solgt til nederlandske Gröningen etter sesongslutt. Fitim Azemi vart henta frå Follo i 2015 og vart solgt til Maccabi Haifa i januar i år.

– Vi har hatt ei heilt rå rekke med spissar som vi har henta og utvikla. Kristian var meir etablert enn alle desse, men vi kunne ikkje rekne med at han skulle skåre så mykje: 23 mål på 26 kampar er imponerande. I tilegg skårar han jamt gjennom heile sesongen og har vore ein bidragsytar i alle kampar. Det gjer prestasjonen enno større, seier Bjørkan.

Bjørkan: – Skårar tosifra i eliteserien til neste år

Etter å ha skutt Sogndal til opprykk i 2014 fekk Fardal Opseth eit tungt møte med eliteserien det påfølgande året. Då stoppa det på to mål. Bjørkan er klar på at kaupingen må ta nye steg før gjensynet med norsk toppnivå.

– Men det kjenner eg meg trygg på at han gjer. Viss han held seg frisk og skadefri, er eg sikker på at han skårar tosifra i eliteserien til neste år.

Fardal Opseth sjølv erkjenner at han har ein del å bevise.

– Å få prøve meg i eliteserien igjen var ein stor del av grunnen til at eg kom hit. No har me endeleg klart det og det kjennest ekstremt godt, seier han.

Prognosen til trenaren tek han imot med takk.

– Når han trur det, så lovar det bra.

Toppskårarar i førstedivisjon etter 1997 

  • 2017 - Kristian Fardal Opseth (Bodø/Glimt): 23 mål, med fire kampar att
  • 2016 - Pontus Engblom (Sandnes Ulf): 26
  • 2015 - Pontus Engblom (Sandnes Ulf) og Robert Stene (Ranheim): 17
  • 2014 - Pål Alexander Kirkevold (Sandefjord): 19
  • 2013 - Jo Sondre Aas (Ranheim): 18
  • 2012 - Martin Wiig (Sarpsborg 08): 20
  • 2011 - Vegard Braaten (Alta): 18
  • 2010 - Marius Helle (Bryne): 17
  • 2009 - Thomas Sørum (Haugesund): 24
  • 2008 - Peter Kovacs (Odd): 22
  • 2007 - Kenneth Kvalheim (Notodden): 23
  • 2006 - Mattias Andersson (strømsgodset): 19
  • 2005 - Daniel Nannskog (Stabæk): 27
  • 2004 - Paul Oyuga (Bryne): 18
  • 2003 - Markus Ringberg (Fredrikstad): 19
  • 2002 - Morten Gamst Pedersen (Tromsø): 18
  • 2001 - Bala Garba (Haugesund) og Marino Rahmberg (Raufoss): 18
  • 2000 - Jostein Flo (Strømsgodset):25
  • 1999 - Anders Blomquist (Haugesund): 16
  • 1998 - Caleb Francis (Bryne): 18
  • 1997 - Espen Musæus (Vålerenga): 16
Til toppen