SCORA ENNO EI GONG: Kristian Fardal Opseth scora sitt 11. mål for Bodø/Glimt mot Strømmen søndag. 
SCORA ENNO EI GONG: Kristian Fardal Opseth scora sitt 11. mål for Bodø/Glimt mot Strømmen søndag. 

Putta på ny og skaffa straffa som gjorde opphentinga komplett

Det ståg stygt ut for serieleiaren i OBOS-ligaen, men ein målkåt kauping dukka opp og bidrog til at det som lenge såg håplaust ut vart nok ein siger for Bodø/Glimt. Sjå målet og straffesituasjonen her!

Bodø: Oppgjeret som til slutt enda med heile sju mål starta svært dårleg for serieleiar Bodø/Glimt – til pause låg dei under 0-2 heime mot Strømmen, som ligg plassert midt på tabellen i OBOS-ligaen.

Men så, eit kvarter ut i 2. omgang, dukka toppscoraren på nest høgste nivå i fotball-Noreg opp. Kaupingen Kristian Fardal Opseth fekk eit oppspel, snurra rundt sin eigen akse med ei slags Cruyff-vending og sette ballen sikkert nede ved stolperota til venstre for seg sjølv.

Såg håplaust ut – på ny

Med det er Fardal Opseth oppe i 11 mål på 14 kampar for bodøvêringane, og har to måls margin ned til andremann på toppscorarlista.

Les også: No er toppscoraren blitt Bodø/Glimt-spelar

Dramaet på Aspmyra stadion skulle likevel vara i 90 minuttar og vel så det – berre åtte minuttar etter Fardal Opseth si redusering putta Strømmen på ny, og heimelaget hadde ei nærast umogleg oppgåve skulle det bli siger; tre mål på vel tjue minuttar.

Brukte musklane og vart riven ned

Den oppgåva klarde dei, trass i at redusering til 2-3 kom berre knappe ti minuttar før slutt ved Ulrik Saltnes. Utlikninga kom eit lite minutt på overtid ved Joachim Osvold, og berre dryge minuttet seinare var store, sterke Fardal Opseth i sentrum igjen.

Eit langt oppspel frå midtbana var på veg mot kaupingen, som drog seg innanfor 16-meteren med ein Strømmen-spelar i rygg. Strømmen spelaren tok godt tak rundt Fardal Opseth – som gjekk i bakken, og dommar Sivert Aksnes Amland peika på straffemerket. Straffen ekspederte Ulrik Saltnes sikkert i mål.

Sjå scoringa i videoen under

Dermed tronar Bodø/Glimt temmeleg åleine øvst på tabellen i OBOS-ligaen med 34 poeng – dei har heile seks poeng ned til neste lag på tabellen, Ranheim.

Samstundes tapte «moderklubben» Sogndal 3 - 0 borte mot Rosenborg søndag.

Sjå måla frå tapet mot trønderane her: Rosenborg gav grisejuling

Til toppen