QUIZ: I tida framover vil det vera Lærdals-quiz på Laksen Kafé i Lærdal kulturhus. Då blir truleg stoda ei heilt anna i kafeen, enn det biletet synte før opninga i sommar. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
QUIZ: I tida framover vil det vera Lærdals-quiz på Laksen Kafé i Lærdal kulturhus. Då blir truleg stoda ei heilt anna i kafeen, enn det biletet synte før opninga i sommar. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Quizmasterane er klare – er du?

Alt fredag kveld er det klart for første runde i ny sesong med quiz.

Lærdal: Quizmasterane Geir Berge Øverland og Magnar Ljøsne har no halde quiz i fire sesongar. No er dei klare for sesongen 2015/2016 og for første gong skal dei halde hus på Laksen Kafè i Lærdal kulturhus. 

– Offside-mål er også mål

EIN AV TO: Quizmaster Geir Berge Øverland er klar for ny runde med quiz.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Øverland fortel dei no ser etter egna spørsmål i det meste dei kjem over av lesestoff, og at deltakarane tidlegare har sagt at det er umogleg å spå kva som kjem av spørsmål.

Likevel er dei 30 spørsmåla på kvar runde nøye oppbygd, og vil strekke seg frå underhaldning, historie, geografi til populærkultur. Nokre av spørsmåla vil også vera frå lokale nyhende, der stalltipset frå Øverland er å følge med på Porten.no og Sogn Avis.

– 30 poeng er den høgaste poengsummen som er mogleg å få på kvar runde, noko ingen har klart til no. Dommarane har alltid rett og offside-mål også er mål, seier Øverland lurt. 

Håpar på hard konkurranse

– Me ønsker alle velkomne og håpar i tillegg at også folk frå Årdal og Aurland kunne tenke seg å ta turen slik at det blir meir konkurranse og utfordrande å delta, seier Dariusz Baran ved Laksen Kafé. 

INVITERER: Dariusz Baran ved Laksen Kafé vil vera med å gi lærdøler eit samlingsplass no som kulda sett inn. Arkiv
INVITERER: Dariusz Baran ved Laksen Kafé vil vera med å gi lærdøler eit samlingsplass no som kulda sett inn. Arkiv

Du melder deg på når du kjem, der det er fire personar på kvart lag. Det blir kåra ein vinnar av kvar runde, og på slutten av sesongen vil bli kåra ein samanlagtvinnar i den prestisjetunge turneringa. 

 

Laksen Kafé samarbeidar med resten av kulturhuset om fleire arrangement og hendingar utover hausen. James Bond-galla og Halloweenfest er berre noko av det som skjer.

Meir informasjon vil du finne på Facebook-sida til Laksen Kafé.

Til toppen