NØKKELPERSON: Musikkquizane som blir arrangerte i Årdal hadde truleg ikkje eksistert utan den frivillege hjelpa frå Arne Natvik. Foto: Marte Hestetun. 
NØKKELPERSON: Musikkquizane som blir arrangerte i Årdal hadde truleg ikkje eksistert utan den frivillege hjelpa frå Arne Natvik. Foto: Marte Hestetun. 

Quizmasteren

Arne Natvik har år etter år stilt opp som quizmaster i Årdal; noko mange set pris på. 
 

Årdal: I heile ni år har Arne Natvik vore med på å arrangere musikkquiz for årdølene. For fleire har quizane vorte ein sosial møteplass der ein samlar vennegjengen og treff folk ein kanskje ikkje møter så ofte ellers. Mange meiner at innsatsen til Natvik har vore heilt avgjerande for det gode quizsamfunnet i bygda.

Natvik er sjølv klar på kvifor han vel å stille frivillig opp som quizmaster gong på gong.

– Det er sosialt og kjekt med quiz! Eg likar musikk og eg likar quiz - og det blir ein god kombo. 

Kvifor er musikkquizane so polulære?

– Alle likar quiz! Det er jo populært over heile landet for tida, i alle moglege kategoriar. ​

Rosar kunnskapen til Årdølene​

Når Natvik får spørmålet om musikkunnskapane til Årdølene, er svaret hans tydeleg.

– Årdølene kan utruleg mykje om musikk. 

– Me har ein mogleg poengsum på 100 kvar quiz, og beste resultat til no er 97 av 100 riktige. 

– Utruleg sosialt

Arne Hugo Undi, som har delteke på quizane til Natvik frå starten av, er veldig takknemlig for tilbodet. 

– Han gjer ein kjempejobb. Det er veldig sosialt og morosamt å vere med. Ein merker at det er dei same som dukkar opp på kvar quiz, men det kjem likevel stadig yngre personar som vil delta. 

EIT GODT TILBOD: Mange synest musikkquiz er sosialt og moro. Frå venstre: Harry Løkelan, Oddvar Øyre, Stein-Arve Lindborg, Helge Hagen og Arne-Hugo Undi​.
EIT GODT TILBOD: Mange synest musikkquiz er sosialt og moro. Frå venstre: Harry Løkelan, Oddvar Øyre, Stein-Arve Lindborg, Helge Hagen og Arne-Hugo Undi​.

Ein anna som er glad i quiz, er Torgeir Kronstad. Han er einig i at Natvik gjer ein suveren jobb med quizane. 

– Han er utruleg flink, i tillegg til at han jobbar heilt gratis. Quizane hans er vanskelege, men ikkje umoglege å løyse. Ein klarer likevel å skilje det beste laget frå dei andre. 

– Det er gledelig at folk som er 50+ kan kome seg ut og treffast. Utruleg sosialt. 

Natvik fortel at han set stor pris på dei positive tilbakemeldingane folk kjem med. 

– Det er jo det som har vore drivkrafta vår og gjort det mogleg for oss å halde på i so mange år. 

 

 

Til toppen