KRAFT: Superladarane til Tesla fyller på med nær 30 mils kapasitet på ein halvtime. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
KRAFT: Superladarane til Tesla fyller på med nær 30 mils kapasitet på ein halvtime. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Rå rekkevidde

Batteriteknologien har god utviklingsfart, og den største Tesla-pakken leverer no ei så saftig rekkevidde at det er forbrenningsmotoren som bør få angst.

Med Tesla Model S 100D snakkar vi om rekkevidde nok til å fjerne alle tilløp til uro. Dette er den største batteripakken som finst i nokon vanleg elbil, og det er første gongen vi blir presenterte for eit tresifra kilowatt-time-tal.

Da Model S kom for nokre år sidan, var det 85 kWh som var maks. Så kom 90, og no er vi altså på hundretalet. Den teoretiske rekkevidda er oppgitt til 63 mil. På same måten som med forbrukstala i ein bil med konvensjonell motor, er dette vel optimistisk – men overraskande nær det som går om ein køyrer smart.

Og sjølv om ein gir blaffen i det, er bilen på eit heilt eige nivå. Testbilen meinte at det var vel 50 mils rekkevidde i det fullada batteriet da vi henta bilen, noko som skulle vise seg å stemme veldig bra.

Lade når det passar

Etter vel 50 mil med bykøyring, høg fart på motorveg og generell bruk utan ein tanke på straumforbruket viste bilen eit snitt på 2,1 kWh per mil. Med andre ord snautt 50 mil. No prøvde vi ikkje å køyre han tom, i staden la vi oss på ein rutine som mang ein Tesla-eigar kjenner. Viss det var ein superladar på strekninga, vart det ein kaffipause på 20 minutt eller så og 20 mil til i cellene.

Det er noko av essensen i ein bil med denne kapasiteten. Vi trong aldri å sjå oss om etter ein gateladar, og i garasjen der bilen stod, er det ikkje straumuttak. Utan at det på noko som helst tidspunkt forkludra planane våre. Det er i praksis alltid rikeleg med straum igjen.

Artikkelen held fram under biletet

KLATTELADING: Trikset er å superlade ei lita stund når ein kan. I visse periodar kan det vere kø, og da er det unødvendig å bruke lang tid på å toppe batteriet.
KLATTELADING: Trikset er å superlade ei lita stund når ein kan. I visse periodar kan det vere kø, og da er det unødvendig å bruke lang tid på å toppe batteriet.

Framleis er dette ein ganske dyr bil, men her er det viktig å få med seg at han kjem i to versjonar med den største batteripakken. Testbilen er ein 100D, og i tillegg finst P100D. I den sistnemnde er det lagt vekt på å få maks kraft ut av batteria, noko som gir den smått utrulege null til hundretida på 2,7 sekund og ei teoretisk rekkevidde som er eit par mil snauare enn den testbilen hadde. No må det seiast at ein ikkje akkurat opplever nokon mangel på kraftressursar i testbilen heller, null til hundre er oppgitt til 4,4 sekund. Samtidig er det tydeleg at det er dyrt og teknologisk krevjande å barbere akselerasjonstida. Prisdifferansen er på 350.000 kroner.

Kostar pengar

Testbilen startar på 805.000 kroner, noko som elles er 40.000 kroner over Model S 90D.

Bilen vi køyrde, hadde luftfjøringar, som gir god komfort, men han hadde ikkje autopilot. Det kostar 41.300 kroner viss du bestiller det med bilen, eventuelt kan det leggjast til seinare, men da kostar det 20.000 meir.

Det pirkar i eit lite problem med Model S: Det blir dyrt. Med eit ganske nøkternt utval ekstrautstyr kostar testbilen godt over 900.000 kroner. Samtidig er det eigentleg mykje bil for pengane, både reint fysisk og prestasjonsmessig. Ein stor personbil med så mykje krefter blir veldig mykje dyrare om ein vel ein med konvensjonell motor.

Ein elbil for folket er det så definitivt ikkje, men det er lett å skjønne at folk med stor nok lommebok fell for ein bil som denne. Det er ein svært komfortabel bil, ikkje minst på lengre turar. På vegen er bilen svært behageleg, likevel er det ein del hjulstøy, men mangelen på motorstøy gjer at det framleis er ganske fredeleg. Plassen i kupeen er diger, og bagasjeplassen likeins.

Artikkelen held fram under biletet

TVILSAMT: Interiøret i testbilen var for spesielt interesserte. Kritkvitt skinn er ikkje så praktisk.
TVILSAMT: Interiøret i testbilen var for spesielt interesserte. Kritkvitt skinn er ikkje så praktisk.

Best

Byggjekvaliteten er bra, men ikkje på nivå med dei etablerte premiummerka, og interiøret i testbilen var litt snodig. Heilt kvite skinnsete er ikkje noko vi hadde gått for. Reint estetisk er det tvilsame saker, og eit par nye jeans fargar kjapt av på seta.

Det er ingen dryg påstand å seie at Tesla Model S 100D er den beste elbilen på marknaden, og det er heilt absurd at denne oppstartsbedrifta leverer noko slikt som dette når ein ser kor dei etablerte produsentane er.

Når fleire av dei verkeleg store bilprodusentane no seier dei skal satse knallhardt på elbilar, må vi gå ut frå at dei òg kjem med køyretøy som Model S 100D ein eller annan gong. Det skal bli interessant å sjå kor lang tid det tar, og kor langt Tesla har komme innan den tid. Med Model S og denne batteripakken leverer elbilen eit kraftig hint om at forbrenningsmotoren om nokre få år kan vere på ein veg utan gjennomkøyring.

 

Til toppen