RADIOAKTIV SAU: 30 år etter kjernekraftulukka i Tsjernobyl er det igjen målt for høge verdiar av radioaktivitet i sau i Jostedalen i Sogn.​ Foto: Marit Henjum Halsnes
RADIOAKTIV SAU: 30 år etter kjernekraftulukka i Tsjernobyl er det igjen målt for høge verdiar av radioaktivitet i sau i Jostedalen i Sogn.​ Foto: Marit Henjum Halsnes

Radioaktive sauar i Sogn

30 år etter kjernekraftulukka i Tsjernobyl er det igjen målt for høge verdiar av radioaktivitet i sau i Jostedalen i Sogn.

Jostedalen: 2015 var det fyrste året sidan atomkraftulukka at ingen dyr på Vestlandet hadde for høge becquerel-målingar, men no er det igjen oppdaga radioaktivitet i ein sau i Jostedalen, skriv Bergens Tidende.

– Det er registrert eitt dyr der det blei målt 1.600 becquerel per kilo. Grenseverdien er slik at ei besetning skal ha under 600 becquerel i snitt, og eit enkeltdyr ikkje skal overstige 1.200. Overskridinga var difor lita, seier førsteinspektør Nils Martin Fjær i Mattilsynet.

Den aktuelle sauebesetninga er no sett på nedfôring for å få radioaktiviteten ut av kroppen. Sauane har truleg hatt stor tilgang på sopp, som kan innehalde mykje radioaktiv forureining.

Dei øvste delane av Jostedalen i Sogn og Fjordane var blant områda i Noreg som blei hardast ramma av utsleppa frå atomkraftulykka i Tsjernobyl i 1986. Seksjonssjef Anne Liv Rudjord i Statens strålevern trur det vil ta fleire tiår før det blir slutt på for høge radioaktive nivå i sauekjøt.

– Erfaringane frå Tsjernobyl er at nivåa fell raskt dei fyrste åra, og at det deretter går treigare. Utfordringane har vist seg større og vanskelegare enn vi fyrst trudde, seier Rudjord. (©NPK)

Til toppen