Årdal: 1. september 2019 blir Fossedal sin siste dag i teneste for kommunen inst i Sognefjorden. Årsaka er at han skal gå av med pensjon.
– Det er ikkje noko dramatikk i dette. Eg skal bli pensjonist og varslar så tidleg for at kommune skal få god tid til å tilsetja ny rådmann, seier Fossedal i ein SMS til Porten.no.
Kommunestyret vil truleg setja ned eit utval som skal jobba med tilsetjinga av ny rådmann komande torsdag.
Gjensyn med kommunen
Fossedal tok til i stillinga som rådmann 1.januar 2015, etter tidlegare rådmann Frank Westad, men det var ikkje den første jobben han hadde i Årdal kommune.
For på 90-talet jobba han som personalsjef og assisterande rådmann i kommunen før han flytta til heimbygda Larvik.
Han var administrerande direktør i selskapet Oil Cleaning Technology.