Lærdal: Mellombels er Lars Bogstad tilsett som fungerande rådmann. Bogstad gjekk inn i rolla for to veker sidan.
– Etter planen skal eg halda fram som fungerande rådmann dei seks neste vekene, men det kan endra seg, seier Bogstad.
Han jobbar til vanleg som skatteoppkrevjar og kontrollør innan økonomi i kommunen, men har tidlegare vore fungerande rådmann som vikar eller i ferieavvikling.
To kommunestyremøter på to dagar
Onsdag fekk den ferske rådmannen delta på sitt første kommunestyremøte. Torsdag ventar nummer to, då også det første møtet til det nyvalde kommunestyret.
Etter berre to veker i jobben, synst han møtet kom litt brått på, men at det likevel gjekk fint.
– Det er absolutt ei interessant erfaring, og det er noko eg vil ta med meg i morgon. Konstituerande kommunestyremøter er alltid spennande, seier han.