NY STILLING: Arne Johansen vart tilsett som rådmann i Lærdal desember. No har han søkt på stillinga som rådmann i Brønnøy kommune.
NY STILLING: Arne Johansen vart tilsett som rådmann i Lærdal desember. No har han søkt på stillinga som rådmann i Brønnøy kommune. (Bilde: Lærdal kommune)

Rådmann i Lærdal søkjer jobb i Nordland: – Det var litt valets kvalar

Arne Johansen vart konstituert rådmann i Lærdal i fjor sommar, etter at Alf Olsen Jr gjekk av. I desember vart han tilsett av kommunestyret. 

Lærdal / Brønnøy: No er han ein av totalt ni personar som har søkt på stillinga som rådmann i Brønnøy kommune i Nordland, melder Brønnøysunds avis måndag. 

– Eg har veldig sterk tilknytning til Brønnøy, eg har familie og eigedom der oppe. Det er bakgrunnen for at eg søkte, seier Johansen til Porten.no. 

Lærdal som heimkommune nummer to

Johansen fortel at hans nære familie bur i Brønnøy, og er ein heimkommune for han, i tillegg til Lærdal. 

Då han såg at det opna seg ei rådmannstilling der, gjekk han nokre rundar med seg sjølv før han til slutt bestemte seg for å søka på stillinga. 

– Det er viktig for meg å seia at eg absolutt ikkje søkjer meg vekk ifrå Lærdal, men heller at eg søkjer meg til Brønnøy. Eg trivast veldig godt i Lærdal og føler eg har eit godt samarbeid med politikarane, innbyggjarar og tilsette. Det var litt valets kvalar, seier Johansen. 

Han fortel at han er motivert for stillinga i Brønnøy, men legg vekt på at det vil vera ei vanskeleg avgjerd å flytta frå Lærdal. 

– Eg er motivert for jobben, eg har jo søkt, men det gjenstår å sjå om eg kjem i posisjon til stillinga i Brønnøy eller ikkje. Det vil uansett krevja ei heilvurdering om eg får eit tilbod, seier Johansen.

Til toppen