FULL TILLIT: Varaordførar Geir Berge Øverland (Ap) seier han har full tillit til rådmannen i Lærdal Alf Olsen jr. Om det skal bli retta kritikk i saka om innkjøp av konsulenttenester, må det i tilfelle bli retta mot alle i kommunestyret som vedteke saka, seier han. Foto: Ina Eirin Eliassen
FULL TILLIT: Varaordførar Geir Berge Øverland (Ap) seier han har full tillit til rådmannen i Lærdal Alf Olsen jr. Om det skal bli retta kritikk i saka om innkjøp av konsulenttenester, må det i tilfelle bli retta mot alle i kommunestyret som vedteke saka, seier han. Foto: Ina Eirin Eliassen

Rådmann: – Opplever det som mobbande og trakasserande

Rådmannen i Lærdal Alf Olsen jr. fekk støtte då han bad kommunestyret meine noko om brevet frå gamleordførar Arne Sanden, der Sanden ber kommunestyret svare for rådmannens handlingar og kommentarar. 

I kommentaren "Usakleg kommentar og personåtak frå rådmannen" frå Arne Sanden, syner han til oppslag i Sogn Avis 22. og 23 april, om brot av innkjøpsreglement og innskjøpslova i saka om kjøp av tenester til organisasjonsutvikling i Lærdal kommune. Sanden hevdar rådmannen går til eit usakleg personåtak på han og at rådmannen set fram usanne påstandar om arbeidet med organisasjonsutviklinga i kommunen.

Sanden ønsker mellom anna at kommunestyret tek opp korleis kommuneleiinga skal møte kritikk frå eigne innbyggarar. Tilrådinga frå ordførar og formannskapet var at kommunestyret drøfta saka torsdag. 

Les kommentaren: Usakleg kommentar og personåtak frå rådmannen

FORSTÅR PRESSET: Olav Grøttebø (V) har forståing for at presset mot rådmannen gjer arbeidssituasjonen vanskeleg.
FORSTÅR PRESSET: Olav Grøttebø (V) har forståing for at presset mot rådmannen gjer arbeidssituasjonen vanskeleg.

Ville oppklare fakta

Som leiar av kontrollutvalet tok Olav Grøttebø (V) talarstolen for å oppklare sak og fakta.

Han fortel at for tre år sidan gjorde kontrollutvalet ei overordna analyse, som skal gjerast ei gong i perioden og danne grunnlag for forvaltningsrevisjonen. Då peika kontrollutvalet på at det var betydeleg uro i organisasjonen knytt til omorganiseringa som var under gjennomføring. Fleire sa opp stillingane sine og det var vanskeleg å få inn ny rekruttering. Difor gjorde kontrollutvalet følgande vedtak 20. juni 2012: Kontrollutvalet tilrår at kommunestyret snarast vurderer å hyra inn ekstern bistand til å gjennomføre eit organisasjonsutviklingsprosjekt i kommunen. 

Grøttebø peikar på at Sanden nok legg til litt meir enn kva kontrollutvalet har kome fram til. 

– Kontrollutvalet har gjort eit vedtak om at rådmannen skulle kjøpe inn konsulenthjep for å driva organsiasjonsutvikling, noko kommunestyret har vedteke. Det var mange gode argument for å gjera dette. Tenestene er kjøpt lokalt, dei har vore ringe og ei god og nyttig investering for kommunen, seier Grøttebø. 

Grøttebø seier at kontrollutvalet likevel er nødd å peika på at kjøp av konsulenthjelpa ikkje har vore gjort i henhold til innkjøpsreglementet, då det er utvalets jobb å følge opp. Rådmannen har fleire argument kvifor det vart gjort slik, det har gått over lang tid og stegvis, fortel han.

– Stel energi, fokus og rammar kommunen

FORTEL SI SIDE: Då saka omhandlar rådmannen og hans arbeidssituasjon, valde Alf Olsen jr. å fortelje korleis han har opplevd saka, for å få fram arbeidsgivar- og arbeidstakar-perspektivet i saka. 
FORTEL SI SIDE: Då saka omhandlar rådmannen og hans arbeidssituasjon, valde Alf Olsen jr. å fortelje korleis han har opplevd saka, for å få fram arbeidsgivar- og arbeidstakar-perspektivet i saka. 

– Det som trigga at eg valde å ordlegge meg slik eg gjorde i Sogn Avis var rett og slett at eg vart forbanna. Dette har gått over så lang tid og eg føler at nok er nok. I denne perioden har me fått minst 120 innsynskrav frå Sanden. Dei innsynskrava har han sjølvsagt rett til å få, men det kjem alltid oppfølgingar som virkar på meg som person. Eg oppfattar dei som trakasserande og mobbande. Dette rammar min arbeidssituasjon som øvste leiar av organsisasjonen, det stel energi og fokus, i tillegg til at det rammar det arbeidet som skal gjerast i kommunen, seier Olsen jr.  

Olsen jr. meiner han har eit godt fagleg grunnlag for kva han skriv i Sogn Avis. Han syner til ei direkte årsaksamanheng, frå forrige ordførar si åtferd og utfordringane i eigen organisasjon. Rådmannen forklarar dette som ein av grunane til at ein starta med organisasjons- og leiarutvikling, noko som har gitt positive resultat. 

Han erkjenner at som leiar må ein ta beslutningar, som ikkje alltid viser seg å vera rett. Olsen jr. er klar over at han har bevega seg i grenseland i høve innkjøpet av konsulenttenester, men for å få ting gjort vurderte han avgjerda som rett, sjølv om kontrollutvalet kom til ein annan konklusjon. 

Olsen jr. er også klar på at innbyggjarane ikkje skal vera redd for å koma med kritikk mot kommunen, då denne saka omhandla ein person. 

– Eg føler behov for å seie dette, då de som kommunestyre er min arbeidsgivar og skal ta vare på min arbeidssituasjon. Difor ønskjer eg at dykk meiner noko om saka, seier Olsen jr. 

Litt kritikk – mest ros

Jan Olav Fretland (SV) kjem med ein mild kritikk for at ikkje innkjøpsreglementet er følgt, men seier at han har tillit til at rådmannen tek dette med seg når ein går inn i avtalar i framtida. 

UHELDIG PRESS: – Det samla presset på rådmannen, administrasjonen og saksbehandlinga, men også på det personlige då ein blir omtala med lite pene adjektiv, er svært uheldig, seier Jan Olav Fretland (SV).
UHELDIG PRESS: – Det samla presset på rådmannen, administrasjonen og saksbehandlinga, men også på det personlige då ein blir omtala med lite pene adjektiv, er svært uheldig, seier Jan Olav Fretland (SV).

Fretland peikar på at offentlegheitslova er til for å skapa openheit mellom kommune og innbyggarar. Likevel meiner han at så mange innsynskrav, sjølv om Sanden i nokre tilfelle har rett, gjer at ein blir meir restriktiv enn ein burde vera fordi ein veit det kjem mange fleire krav og oppfølgingar. Talet på innsynskrav frå ein person, går på sikt utover dei innbyggarane som vil ta opp ei sak under ein periode. ​

– Du er ein pliktoppfyllande og arbeidssam rådmann, som gjer det me har meint du skal gjera. Me er litt galne på deg av og til, men om ikkje det var tilfellet hadde du ikkje gjort jobben din då forholdet mellom administrasjon og politikarar av og til er pressa, seier Fretland. 

Varaordførar Geir Berge Øverland (Ap) seier det ikkje skal vera nokon tvil om at han har full tillit til rådmannen, som gjer ein god jobb. Om det skal rettast kritikk i denne saka, må det i tilfelle bli retta mot alle i kommunestyret, då kommunestyret har godkjent og vedteke bevillinga til organisasjon- og leiarprosjektet. 

– Kven er offer og kven er mobbar her? Eg har berre ein ting å seie: Ikkje mobb kameraten min, seier Øverland og tok Olsen jr. i handa.  

– Me er ikkje maskinar

Trond Øyen Einemo (H) støttar mykje av det Fretland seier, men vil ikkje ta stilling til kven som angrip kven, sjølv om Sanden spør om det i innlegget.

VANSKELEG SAK: – Me er ikkje datamaskinar. Måten me snakkar til kvarandre på betyr noko, seier Gro Starheimseter (Sp).
VANSKELEG SAK: – Me er ikkje datamaskinar. Måten me snakkar til kvarandre på betyr noko, seier Gro Starheimseter (Sp).

– Alle innspel, kritiske som positive, skal kommunestyret ta. Me har ikkje noko å skjule. Me må ta innover oss vedtaket som vart gjort, men prosessane blir snakka om og me prøvar stadig å forbetra oss, seier Einemo. 

Gro Starheimseter (Sp) fortel at ho tykkjer dette er ei vanskeleg sak, som går inn på ho.

– Det er lov å stilla spørsmål og å vera kritisk. Me gjer nok heilt sikkert ikkje alt rett, det klarar ingen menneske. Me har eit forbetringspotensiale og skal møta kritiske spørsmål med respekt. Likevel må vera lov å føle og ta seg nær av ting også i framskotne posisjonar. Me må ha med det menneskelege aspektet, seier Starheimseter. 

Ho legg til at ho har full tillit til rådmannen og forståing for at det vart som det vart. 

Foreslår løysingar for innsynsordninga

Også Grøttebø (V) melde seg på talarlista utan å representere kontrollutvalet. Han har forståing for at presset mot rådmannen gjer arbeidssituasjonen vanskeleg. Samstundes skal det ikkje vera tvil om at rettigheitene er der for innbyggarane og at rådmann skal oppføra seg høfleg og greitt. 

– Det er slitsomt å gå med uoppgjorte ting. Ein må gjera opp og koma seg vidare, seier Grøttebø. 

Jarle Offerdal (Ap) vil ikkje inn i det personlege i saka. Han seier at offentlegheitslova er viktig då den skal gi innbyggarane innsyn i maktapparatet. Likevel ser han at det krevjer ressursar å behandla det høge talet med innsynskrav. Offerdal foreslår at rådmannen ber om meir ressursar for å handtera innsynskrava og for at administrasjonen ytar den sørvisen som lovverket opnar for. 

Bente Øien Hauge (uavhengig representant) tykkjer det er ei vanskeleg sak med mange element frå arbeidsgivaransvar, innkjøpet til personåtak, som det er uråd å ha ein debatt om. 

Hauge foreslår å gjere dokument som ikkje er unnateke offentlegheita meir tilgjengeleg, kanskje gjennom at andre tilsette enn rådmannen eller å få til ei sjølvbeteningsløysing. 

DRØFTING I KOMMUNESTYRET: Bente Øien Hauge (uavhengig representant) seier sjølv om ho til tider føler eliten i kommunen sit med meir informasjon og at det kan vera vanskeleg å koma med spørsmål. Likevel meinar ho det å drive ei kampansje mot rådmannen er lite teneleg og ikkje høyrer nokon plass heime.
DRØFTING I KOMMUNESTYRET: Bente Øien Hauge (uavhengig representant) seier sjølv om ho til tider føler eliten i kommunen sit med meir informasjon og at det kan vera vanskeleg å koma med spørsmål. Likevel meinar ho det å drive ei kampansje mot rådmannen er lite teneleg og ikkje høyrer nokon plass heime.

– Reagerer sterkt på å bli framstilt som ein mobbar

Arne Sanden skriv til Porten.no at dette ikkje handlar om ei kampanje mot rådmannen, men om at Lærdal kommune har brote eige innkjøpsreglement og innkjøpslova, noko som skjer ein vel månad etter at reglementet vart vedteken. 

ER FERDIG MED SAKA: Tidlegare ordførar Arne Sanden forklarar det ikkje handlar om ei kampanje mot rådmannen, men plikta til å melde frå om forhold i den offentlege forvaltinga som ikkje er i tråd med lova. Arkivfoto
ER FERDIG MED SAKA: Tidlegare ordførar Arne Sanden forklarar det ikkje handlar om ei kampanje mot rådmannen, men plikta til å melde frå om forhold i den offentlege forvaltinga som ikkje er i tråd med lova. Arkivfoto

– Saka vart handsama i formannskapet i oktober 2012, medan kontrakten om innkjøpet vart underteikna i mai 2014. Det viser at kommuneleiinga hadde svært god tid på seg til å gjennomføre ein prosess etter eige reglement, seier Sanden.  

Sanden fortel han har handla slik han har gjort då alle har ein rett og ei plikt til å melde frå om forhold i den offentlege forvaltinga som ikkje er å tråd med lova. 

– Men er du einig i at over 120 innsynskrav er mykje og set eit stort press på administrasjonen?

– Denne saka, som mange andre er henta frå postlista til kommunen. Om eit dokument er å finne i arkivet, slik me kan forventa i det offentlege, tek det lita tid, kanskje berre 5 min, å sende denne til den som etterspør innsyn. Eg har elles ikkje kommentarar til talet på innsyn, men eg ser at kommunen har hatt tid og ressursar til å telje, seier han. 

Sanden seier han reagerer sterkt på å bli framstilt som ein mobbar i ei sak som handlar om at kommmuneleiinga bryt norsk lov og eige reglement. 

– Saka har tydeleg avdekka kommuneleiinga og kommunestyre i Lærdal si evne til å ta i mot kritikk og ta den til seg. Den er fråverande. Kvifor skulle kommunestyre og rådmannen elles ha fokus på meldaren og ikkje på saka? Saka ligg no hos kontrollutvalet og me må tru at den vert handsama godt der. Eg er for min del ferdig med den, seier Sanden. 

Til toppen