VARSEL: På neste møte skal kommunestyret i Aurland ta stilling til om det skal opprettast varslarsak mot rådmann Steinar Søgaard (til venstre). I så fall er rådet frå ordførar Noralv Distad at Oddbjørn Ese, rådmann i Vik, skal handsama saka vidare.
VARSEL: På neste møte skal kommunestyret i Aurland ta stilling til om det skal opprettast varslarsak mot rådmann Steinar Søgaard (til venstre). I så fall er rådet frå ordførar Noralv Distad at Oddbjørn Ese, rådmann i Vik, skal handsama saka vidare. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Tillitsvald varslar om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen

På neste møte skal kommunestyret ta stilling til ei varslarsak, der rådmannen er den det er klaga mot. Ordførar Noralv Distad tilrår å oppnemna ein setterådmann i saka.

Aurland: Aurland kommune mottok rett før påske eit varsel frå ein tillitsvald i kommunen retta mot rådmann Steinar Søgaard.

– Det er eit varsel om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, noko nærare enn det kan eg ikkje kommentera. Konkrete opplysningar i saka er underlagde teieplikta, seier ordførar Noralv Distad.

Rådmannen: – Ingen kommentar

Saka skal opp til handsaming i kommunestyremøtet torsdag. Distad tilrår at rådmann Oddbjørn Ese i Vik vert oppnemnd som setterådmann i ei eventuell varslarsak. Dette er i tråd med dei fastsette rutinane til kommunen.

– No blir dette lagt fram for kommunestyret, som formelt må ta stilling til om det er ei varslarsak og om rådmannen i så fall er inhabil. Viss det blir konklusjonen, så blir det ein setterådmann som skal ta saka vidare, seier Distad.

Rådmann Steinar Søgaard seier han blitt orientert om varselet, og innhaldet i det.

– Kva synst du om det som kjem fram der?

– Det har eg ingen kommentar til no. Dette gjeld interne tilhøve, og det må me respektera, seier han.

Historisk sus

Søgaard har vore ute i hardt vêr før. I 2004 var han rådmann i både Granvin og Ulvik, då han fekk sparken av politikarane i sistnemnde kommune. Bakgrunnen var ein konflikt med den dåverande ordføraren i Ulvik.

Søgaard vart rådmann i Aurland i 2010.

I april 2013 ba kommunen KS om hjelp i kjølvatnet av ei konflikt mellom Søgaard, ordførar Distad og Høgre-leiar Monica Finden i Aurland. Bakgrunnen den gongen var at Finden hadde uttala seg kritisk til at Søgaard og fleire andre sentrale personar i Aurland hadde bustadadresse i andre kommunar.

 

Til toppen