NY JOBB: Viss politikarane seier ja, går alt mot at rådmann Alf Olsen jr. får ei ny stilling i Lærdal kommune.
NY JOBB: Viss politikarane seier ja, går alt mot at rådmann Alf Olsen jr. får ei ny stilling i Lærdal kommune. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Rådmannen i Lærdal går over i ny stilling i kommunen

Får ansvar for å setta fart på viktige prosjekt som har stått i stampe.

Lærdal: Rådmann Alf Olsen jr. går truleg over i ei nyoppretta stilling som rådgjevar i Lærdal kommune. Det opplyser kommunen i ei pressemelding i kveld. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret 21. juni.

I den nyoppretta stillinga får han ansvaret for å setta fart på ein del strategiske og viktige prosjekt.

– Alf Olsen jr. har spesielle kunnskapar og eigenskapar som gjer at ikkje så mange andre enn han kan ta desse tunge prosjekta som har stått litt i stampe, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim i pressemeldinga.

Skal tenka strategi

Der blir tre slike prosjekt spesielt framheva.. Det er utvikling av kulturhuset og villakssenteret, det nasjonale programmet for arbeid med skrantesjuke, og utvikling av sjukehuset og helse- og omsorgstenestene.

Avgjerda kjem nok overraskande på dei fleste, men ordføraren seier det har vore ein lengre prosess før dei landa på denne løysinga.

– Me har slite med å få framdrift i desse sakene, og me såg ikkje løysinga før me byrja å diskutera om Alf Olsen jr. kunne gå over i denne stillinga. Då fall det på plass, seier Solheim.

Må jakta ny rådmann

Då administrasjonsutvalet handsama saka onsdag, vart det avgjort at den nye stillinga ikkje skal belasta driftsbudsjettet til kommunen, men finansierast på andre måtar. Næringsfondet er eitt døme som blir trekt fram, ekstern finansiering eit anna.

Går politikarane i kommunestyret for tilrådinga til administrasjonsutvalet, startar prosessen med å finna ein ny rådmann.

– Me må tenkja på både kort og lang sikt, og dette skal eg diskutera 21. juni med kommunestyret, som har arbeidsgivaransvaret for rådmannen. Ingenting er endeleg før saka har vore oppe der, seier Solheim

Til toppen