PÅ FLYTTEFOT: Etter berre halvanna år som rådmann i Lærdal, flyttar Arne Johansen nordover og til ny jobb.
PÅ FLYTTEFOT: Etter berre halvanna år som rådmann i Lærdal, flyttar Arne Johansen nordover og til ny jobb. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun/arkiv)

Rådmannen i Lærdal har fått jobb i nord

Ordføraren seier dei har starta søket etter ein erstattar.

Lærdal: Arne Johansen har vore rådmann i Lærdal sidan sommaren 2018. No har han takka ja til å bli kommunedirektør i Sømna kommune.

Johansen har både hus og familie i Nord-Noreg, og ser fram til å flytta nordover att.

– Det har vorte mykje pendling mellom nord og vest, så det har vore krevjande. Å jobba i Sømna lettar på denne biten, så no ser eg fram til det. Når det er sagt kjem eg sjølvsagt til å vitja Lærdal framover, for det er ein fantastisk plass der eg har mange gode vener, seier han i ei pressemelding på kommunen sine heimesider.

Ordførar Audun Mo seier dei mister ein dyktig rådmann, som har gjort ein god jobb for Lærdal, inkludert fleire tøffe tiltak.  

– Det er synd, men eg har stor forståing for valet, når han no fekk sjansen til å flytta nærare familie og nettverk, seier ordførar Audun Mo, og fortel at dei vil bruka tida framover til å rekruttera ny rådmann.

 
Til toppen