BYTTER JOBB: Rådmann Jostein Aanestad takkar for seg i Sogndal kommune.
BYTTER JOBB: Rådmann Jostein Aanestad takkar for seg i Sogndal kommune. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Rådmannen i Sogndal har fått ny jobb, ordføraren: – Ikkje bra

Takkar for seg etter 17 år som rådmann i Sogndal.

Sogndal: Jostein Aanestad er tilsett som rådmann i Øystre Slidre kommune. Det opplyste ordførar Jarle Aarvoll på formannskapsmøtet torsdag.

– For Sogndal kommune, så er dette ikkje bra. Eg gler meg på hans vegner, men det vil koma nokre stygge ord etterpå. Dei skal eg ikkje ta her, sa han med eit glimt i auge.

Ønskte å halda fram som rådmann

Rådmann Jostein Aanestad gler seg på å ta fat på nye utfordringar, men tykkjer samstundes det er trist å ta farvel med gode medarbeidarar.

– Det har vore 17 gode år i Sogndal. Eg har vore med på mykje spanande og interessant. Mi vakt går ut uansett i 2019, og eg har difor sett meg om etter andre jobbar, seier Aanestad.

Han vurderte aldri å halda fram i rådmannsstaben til Stig Arne Thune i nye Sogndal kommune.

– Eg tykkjer rådmannsjobben er den mest spanande du kan ha i denne verda, difor ønskte eg å halda fram med det, seier han.

Store kontrastar

Aanestad har styrt administrasjonen i ein kommune som i dei fleste målingar har leverert resultat i landsstoppen. Økonomien har vore botnsolid, trass store investeringar.

Samstundes har Aanestad måtta tola kritikk, mellom anna for rotet rundt nytakseringa av eigedomsskatten og handsaminga av konfliktane i barnevernet.

Begge sakene fekk opposisjonen til å reisa mistillitsforslag, sist for eit år sidan då forslaget fell med èi stemmes margin.

– Det er slik å vera rådmann, at nokre saker er meir krevjande enn andre. Og det er saker eg gjerne skulle sett vart handsama på ein annan måte. Men når eg no sluttar, er det utelukkande fordi eg ikkje har rådmannsjobb framover, seier Aanestad.

Startar leitinga etter erstattar

Ordførar Aarvoll fekk vita om jobb-bytet på laurdag. No startar prosessen med å finna ein mellombels erstattar fram til prosjektrådmann Stig Arne Thune tek over som rådmann i nye Sogndal kommune når samanslåinga er gjennomført i 2020.

– Eg vil koma tilbake med ei sak til kommunestyret i midten av februar. Då vil eg ha ei innstilling, og så er det opp til kommunestyret å tilsetta ny rådmann.

Han seier ei mogleg løysing kan vera å konstituera ein rådmann frå eigen organisasjon. Det kan til dømes vera ein av dei tre kommunalsjefane.

Aanestad vil ta til i den nye stillinga innan 1. mai.

– Øystre Slidre får ein hardt arbeidande rådmann som kan vidareutvikla den positive trenden me har i kommunen. Jostein har lang fartstid som rådmann i Sogndal, og har spelt ei viktig rolle i den gode utviklinga dei har hatt dei siste åra, seier ordførar Kjell Berge Melbybråten i Øystre Slidre på kommunen sine eigne nettsider.

Til toppen