SPLEISELAG: Sogn regionråd oppfordra alle kommunane i Indre Sogn til å ta del i finansieringa av ei MR-maskin til sjukehuset i Lærdal. 
SPLEISELAG: Sogn regionråd oppfordra alle kommunane i Indre Sogn til å ta del i finansieringa av ei MR-maskin til sjukehuset i Lærdal.  (Foto: Arkiv)

Rådmannen i Sogndal vil gje til MR-maskin

Lærdal næringsutvikling har teke initiativ til ein felles innsats for å finansiere kjøp av ei MR-maskin til Lærdal sjukhus. 

Sogndal: Sogn regionråd oppfordra alle kommunane i Indre Sogn til å ta del i finansieringa av ei MR-maskin til sjukehuset i Lærdal. 

Les også: Oppmoda naboane om bidra til MR-maskina

Årdal kommune har tidlegare sagt at dei er villige til å gå inn med 800.000 kroner for å få på plass ei MR-maskin i Lærdal. 

Rett før helga, bestemte også Sogndal helselag seg for å gje 100.000 kroner til ei ny MR-maskin ved Lærdal sjukehus.

Må få inn 10 millionar

Helsegruppa i regionrådet har oppfordra medlemskommunane til å bidra med 4 millionar kroner.

Modellen for finansieringa av MR-maskina er lagt opp slik at Sogndal, Årdal, Luster og Aurland skal bidra med tilsaman 3,2 millionar kroner, medan Leikanger, Vik, Balestrand og Høyanger tilsaman skal betale 800.000 kroner. 

Basert på denne modellen har Sogndal kommune blitt utfordra til å løyve eit tilskot på 800.000 kroner.

Tilrådinga frå rådmannen i Sogndal er at kommunen gjev tilskot til delfinansiering av MR-utstyr til Lærdal sjukehus med kroner 800.000 som vert finansiert over konsesjonsavgiftsfondet. 

Totalkostnaden for ei MR-maskin er på om lag 10 millionar kroner. I Helse Førde sitt investeringsbudsjett ligg det ikkje inn midlar til ei slik investering i Lærdal. Lærdal kommune har gjeve tilsagn om 3 millionar kroner til maskina. 

Nyttig for innbyggjarane

Kommunestyret i Sogndal har ved fleire høve uttrykt støtte til utvikling av spesialisthelsetenester ved Lærdal sjukehus. Rådmannen meiner initiativet med bistand til å skaffe nytt medisinsk utstyr til sjukehuset er ei viktig og nyttig sak innbyggjarane i Sogn.

Tiltaket vil også bidra til å styrkje aktiviteten ved sjukehuset, og på den måten ha positiv verknad for sysselsetjinga i Sogn. Det er Helse Førde, som eigar av Lærdal sjukehus, som har ansvar for at sjukehuset har medisinsk utstyr som sikrar at pasientane kan få eit best mogleg tilbod til kvar tid. Når kapasiteten og behovet er slik som den er skissert i bakgrunnen for saka må vi eigentleg kunne forvente at Helse Førde legg investeringa til kjøp av MR-maskin inn i sine framtidige budsjett.

Kommunal finansiering inneber at kommunane overfører midlar frå kommunal verksemd til staten. Vanlegvis er det motsett, at staten gjev midlar til kommunane gjennom rammetilskot og ulike støtteordningar. Med bakgrunn i at Helse Førde ikkje har lagt inn midlar dette året til innkjøp av MR-maskin har rådmannen forståing for at ein lokalt ønskjer å vurdere andre løysingar for å framskunde investeringa.

Rådmannen vi rå til at kommunen løyver 800 000,- til innkjøp av MR-maskin. Det vert lagd til grunn at Lærdal kommune som vertskommune avklarer eigartilhøve for maskinen, slik MR-tilbodet vert sikra på permanent basis ved Lærdal sjukehus. Løyvinga kan betalt ut til Lærdal kommune når Lærdal kommune/Helse Førde har gjort avtale om kjøp av MR-maskina.

Saka skal opp i neste kommunestyremøte i Sogndal. 

Til toppen