LØYSNING: Alf Olsen seier kommunen vil gjera sitt beste for Villakssenteret og kafeen.
LØYSNING: Alf Olsen seier kommunen vil gjera sitt beste for Villakssenteret og kafeen. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Rådmannen om Villakssenteret: – Me vil unngå omdømetap og helst tena nokre kroner

Tilbodet ved Villakssenteret blir redusert etter at driftarane blei slått konkurs. Rådmann i Lærdal kommune, Alf Olsen, satsar likevel på å unngå omdømetap.

Lærdal: – Poenget vårt er å halda ope og unngå omdømetap, for me ynskjer i størst mogleg grad å redusera våre eventuelle tap i denne samanhengen og helst tena nokre kroner, seier rådmannen.

Grønn Norge AS har hatt driftsavtale for Norsk Villakssenter og Laksen Kafé sidan 2016. Fredag blei det kjent at selskapet er slått konkurs.

Lærdal kommune er eigarar av Villakssenteret, og inntil vidare vil Norsk villakssenter reiseliv AS ta over drifta. 

– Me tek skeia i eigne hender og ein av våre tilsette vil prøva å driva det. Me vil støtta opp så godt me kan i forhold til å få på plass det naudsynte kring dette, seier Olsen.

– Tilbodet blir redusert

No som Grønn Norge AS er ute av biletet går kommunen saman for at tilbodet på kafeen på Villakssenteret skal oppretthaldast på best mogleg vis. 

KONKURS: Sida 2016 har Grønn Norge AS hatt leigeavtale med Lærdal kommune om Villakssenteret. No er Grønn Norway AS slått konkurs.

– Det blir dugnadsinnsats, og me vil legga til rette så godt me kan. Renate Fossen har teke på seg drifta, og saman skal me stå for drifta vidare, seier Olsen.

Han er klar på at det blir eit redusert tilbod i forhold til slik det har vore.

Håpar å tene litt på det

Jamvel utelukkar ikkje Olsen at dei faktisk kan tene litt på dette:

– Det er no høgsesongen er, og turistane kjem. 50 prosent av dei besøkjande kjem i juli og august, så det er no me har moglegheit til å tena nokre kroner. 

Under eit møte komande måndag skal Lærdal kommune i samarbeid med bustyrar, danna ein plan på drifta av Villakssenteret, samt informere dei tilsette. 

Blant anna skal kommunen inngå eit samarbeid med Sogn Kunstsenter om å selje billettar og ta i mot gjestar på senteret. 

Ein må jo vurdera det seriøst, me må legge budsjett og laga ein plan på det. Me er ikkje kome heilt i gong med det, men skal ha eit nytt møte på måndag, seier Olsen.

–No jobbar me med å få dette i orden, og me håpar kafeen vil halda ope att allereie frå fredag av.

Til toppen