OPPTEKEN AV Å VERA OPEN: Rådmann Alf Olsen jr. og økonomirådgjevar i Lærdal kommune Anne Marie Mo under arbeidsmøtet med politikarane sist måndag. Foto: Ina Eirin Eliassen
OPPTEKEN AV Å VERA OPEN: Rådmann Alf Olsen jr. og økonomirådgjevar i Lærdal kommune Anne Marie Mo under arbeidsmøtet med politikarane sist måndag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Rådmannen ser ikkje bort ifrå oppseiingar

Rådmann Alf Olsen jr. seier ein må ha litt is i magen for å sjå kva dei endelege politiske prioriteringane blir. Men rådmannen har problem med å sjå at ein kjem utanom oppseiingar av tilsette i kommunen. 

Lærdal: – Me har ei utfordring på å finne 15 millionar for å få økonomi- og budsjettplan for 2016 til 2019 i mål. No har me funne 13 millionar gjennom tiltaka som vart lista opp i arbeidsmøtet med politikarane sist måndag, og administrasjonan skal no supplere og gå inn i lista med innspela frå dei folkevalde, seier Olsen jr. 

Han fortel dei store pengane å hente er i pleie- og omsorg, helse og oppvekst, då to tredjedelar av budsjettet går til desse tenestene. 

Olsen jr. hadde også dårlege nyheiter til formannskapet måndag. Oppvekst ligg 1 million over budsjettramma for 2016, medan pleie og omsorg manglar 5 millionar for å kome ned på ramma. Dette må også dekkast inn. 

Må ha openheit og is i magen

– Kva med dei som fryktar for stillingane sine?

– Det er for tidleg å trekke konklusjonar om kva som blir tiltaka. Det er politikken som styrer, men me må vera realistiske. Når eg ser på utfordringane me står over, forstår eg at folk er redde for stillingane sine. Men ein må ha litt is i magen og venta å sjå kva som blir dei endeleg politiske prioriteringane om kva som skal gjennomførast av kutt. Det er viktig for meg at det er mest mogleg openheit om det som skjer. Me oppdaterte leiarane og hovudtillitsvalde på tiltak og vidare prosess tysdag ettermiddag. Dei tilsette skal vera kjende med situasjonen, fortel han. 

Det er noko som rådmannen meiner er med på å redusere usikkerheit. 

Tillitsvalde har ei viktig rolle å spele

– Tillitsvalde har ei viktig rolle å spele i denne prosessen. Først og fremst er dei på bana for å ivareta tilsette, men dei må også bidra til løysingar for den kommunale drifta. Det er naudsynt om me skal koma fram til gode løysingar, seier Olsen jr. 

Rådmannen har også problem med å sjå at kommunen kjem utanom oppseiingar. 

– Må ha ryddige prosessar der me følger spelereglane. Det vil seie at me følger kriteria for korleis å velje ut om me må ta det skrittet med å seie opp folk, fortel han. 

Gir ros til formannskapet

Olsen jr. gir ros til formannskapet for handsaminga av kuttforslaga så langt. 

– Me har eit engasjert og oppgåande formannskap. Dei er spørjande, oppteken av dialog og atmosfæren er god. Det tykkjer eg er flott. Det er alvorleg det me driv med, men det må vera rom for å løysa opp stemninga innimellom, seier han. 

Olsen jr. minner også om at om fylkesmannen ikkje godkjenner økonomi- og budsjettplan for denne perioden, får kommunen det i retur. Går kommunen i underskot eitt år, skal dette dekkast inn neste år. Klarar ikkje kommunen det, kjem dei på ny inn på lista over Robek-kommunar. 

Les også: Så langt har dei kome med kuttlista

 

Retting: Då saka først vart publisert kom me i skade for å skriva at det var i 2015 at oppvekst ligg 1 million over budsjettramma, medan pleie og omsorg manglar 5 millionar for å kome ned på ramma. Det riktige året som desse tala gjeld for skal sjølvsagt vera 2016. 

Til toppen